Nyheter

Sender ut privat ­redningsbåt

Leger uten grenser skal plukke opp flyktningar i Middelhavet med eigen båt. Éin million flyktningar venter i Libya.

Mandag ettermiddag kom beskjeden mange har venta på: Norge skal delta med eit sivilt skip i operasjon Triton i Middelhavet. Skipet skal vere på plass 1. august eller før.

Og tala talar eit tydeleg språk:

• Mellom 500.000 og ein million migrantar er no samla i Libya – og er villige til å risikere livet for å ta seg over Middelhavet til Europa, seier Frontex-sjef Fabrice Leggeri. Frontex er grensekontrollstyrken til landa som er medlem av Schengen-samarbeidet. Norge er medlem.

– I 2015 må vi vere budd på å stå andsynes ein mykje vanskelegare situasjon enn i fjor, seier Leggeri til nyhendebyrået Ansa.

• 200.000 flyktningar kom sjøvegen til Europa i fjor.

• Rundt 3.500 personar mista livet under sjøreisa.

LES MER: Dette krever de som hjelper

Ein million ventar

Dei stigande dødstala skræmer ikkje dei som har reist til Libya, fortel Maurizio Scalia hjå den italienske påtalmakta. Han har tal som samsvarar med dei Frontex opererer med.

– Ut frå informasjon vi har, er det rundt ein million migrantar på den libyske kysten som er klare til å dra mot Europa, seier Scalia til nyhendebyrået DPA.

LES MER: Norge lar båtflyktningene seile sin egen sjø, mener Jon Magne Lund

Ein dråpe

Hjelpeorganisasjonen Leger uten grenser (LUG) er opprørt og provosert over EUs manglande evne og vilje til å koordinere innsatsen i Middelhavet for å redde fleire av flyktningane som kjem sjøvegen frå Nord-Afrika i skrøpelege skip og opne båtar. Derfor skal organisasjonen Migrant Offshore Aid Station (MOAS) samarbeide med LUG om å plukke opp flyktningar i Middelhavet. MOAS er stasjonert på Malta, ei av øyane som får mange flyktningar frå hamner i særleg Libya.

– Dette er ein dråpe i havet, seier Herman Del Valle i LUG til nyhendebyrået IRIN. I fjor klarte MOAS å lukke opp 3.000 flyktningar i løpet av to månader. I år skal båten til MOAS vere på havet saman med LUG frå mai til oktober.

Leger uten grenser ønskjer å presse Etil å ta opp att Mare Norstrum-aksjonen dei avslutta i desember. Den internasjonale flyktningorganisasjonen (IOM) ber om det same.

LES MER: Ayo (4) berget livet

– Redda 200.000 liv

– Mare Nostrum redda 200.000 liv mellom oktober 2013 og desember 2014, påpeikar IOM-sjef William Lacy Swing.

Italia avvikla redningsprogrammet fordi det blei for dyrt. Inn kom EU-programmet Triton, som berre driv patruljering. FN og IOM kallar Triton «håplaust utilstrekkeleg».

LES MER: Menneskesmuglere skor seg på båtflyktningene

«Sommarsesongen»

MOAS-båten skal patruljere området frå sørkysten av Italia, altså Sicilia, til kysten av Libya. Med eit mannskap på 20 og eit helseteam på to legar og ein sjukepleiar skal dei redde så mange som mogleg i den komande «sommarsesongen». Vår, sommar og tidleg haust er det rolegare sjø i Middelhavet. Dermed stig talet på båtar som blir sendt frå Libya.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter