– Eg er glad for at politiet ikkje får stoppe arbeidet til Plog, seier Arne Viste om dommen frå Oslo tingrett.

Tingretten skriv at «etter en skjønnsmessig helhetsvurdering» av momenta «har retten kommet til at foretaksstraff ikke skal idømmes». Dermed blir restaurantselskapet frifunne. Dommen er samrøystes.

Restauranten var tiltalt for å ha hyrt inn ein vikar utan arbeidsløyve. Han arbeider for Arne Vistes vikarbyrå Plog som er mest kjent for å leige ut vikarar som manglar opphalds- og arbeidsløyve i Norge fordi dei er såkalla ureturnerbare.

I mai i år avviste Høgsteretts ankeutval anken over dommen til Arne Viste på eitt års fengsel på vilkår for å ha tilsett personar utan lovleg opphald som vikarar i Plog, som så blei leigde ut til ulike arbeidsgjevarar. Dermed var dommen mot Viste og Plog rettskraftig. Vikarbyrået blei også dømt til å betale ei bot på 1,5 millionar kroner samt til ei inndraging av 1,4 millionar kroner.

I tiltalen mot Oslo-restauranten meinte påtalemakta at ei bot på 600.000 kroner 
var høveleg.

«Simpel uaktsomhet»

I dommen seier tingretten at etter deira syn ligg restauranteigarens «opptreden i nedre sjikt av simpel uaktsomhet. Retten legger stor vekt på at det kun foreligger liten grad av skyld».

Tingretten listar opp momenta som fører fram til frifinning:

Dagleg leiar forklarte at han ikkje kjente til Plog; «han fikk opplyst at dette var et bemanningsfirma for småjobber».Han kjente ikkje til at Arne Viste «hjalp utlendinger uten arbeidstillatelse med å få jobb».Vikaren var innleigd frå eit vikarbyrå, og då er det byrået «som har ansvaret for at arbeidstakeren har de nødvendige tillatelser, herunder arbeidstillatelse». Dermed var det ikke «uaktsomt at (...) ikke undersøkte om den innleide har arbeidstillatelse».Dagleg leiar forklarte at han ikkje ville ha hyrt inn vikaren om han hadde mistenkt vikaren for å mangle arbeidsløyve.Restauranten betalte vikaren tariffløn i perioden han arbeidde som vaskehjelp, så retten kan «ikke se at (...) har tjent på lovbruddet».

 

Kan klandrast i ei sak

 

På eitt punkt meiner retten at dagleg leiar i restauranten «har opptrådt uaktsomt». Han kom sjølv til Norge som flyktning og har difor røynsle med kva som skal til for å få arbeidsløyve. Tingretten skriv at han «i noen grad kan bebreides at han ikke brukte mer tid på å forstå hva dokumentet om arbeidstillatelse betydde, men anser at hans opptreden ligger i nedre sjikt av uaktsom opptreden i og med at bemanningsbyrået er arbeidstakerens arbeidsgiver med ansvar for at nødvendige tillatelser er på plass».

 

Ureturnerbar vikar

 

Då politiet i Oslo tok ut tiltale i saka, tiltalte dei ikkje dagleg leiar og eigar av restauranten, men restaurantselskapet. I tiltalen skreiv påtalemakta at selskapet hadde brote loven ved «forsettlig eller grovt uaktsomt å ha gjort bruk av en utlendings arbeidskraft når utlendingen ikke har nødvendig tillatelse etter loven».

 

Vikaren har ikkje rett til å arbeide i Norge. Han har endeleg avslag på asylsøknaden, men kan ikkje returnerast til heimlandet. For å få pengar til livsopphald jobbar han for vikarfirmaet Plog, som er eigd av Arne Viste. Mannen var ikkje tiltalt.

 

Barberte bot

 

I tingretten sist måndag meinte påtalemakta at restaurantselskapet hadde handla grovt aktlaust ved at dagleg leiar og eigar ikkje avklarte at vikaren ikkje hadde arbeidsløyve i Norge. Han bad retten om foretaksstraff, men justerte ned storleiken på bota, frå 600.000 til 250.000, då han la ned påstand om straff. Aktor viste til at det var lite rettspraksis på området.

 

Partane har 14 dagar på seg til å godta eller anke dommen.

 

LES MEIR OM RETTSSAKA

 

Rettssak mot restaurant som brukte Plog-vikar

 

Plog-kunde opplever seg lurt