Nyheter

Reiser jødiske signalbygg i sentrum

I opptakten til det industrielle folkemordet på seks millionar jødar, blei 1.400 tyske synagogar vandaliserte. No fyller jødiske innvandrarar nye gudshus.

På St. Jakobs Platz, i sentrum av München, berre få hundre meter frå eit anna landemerke, Frauenkirche, ligg bygget som viser at jødedommen har ein sentral plass i Tysklands tredje største by.

Igjen.

Ohel Jakob - Jakobs telt - er namnet på Münchens oppattbygde synagoge. Ein mur i grov stein som symboliserar tempelet; Salomos tempel, det første som blei reist i Jerusalem. Oppå muren eit glasbygg; symbolet på teltet Moses brukte på den 40 år lange ferda gjennom ørkenen.

Dei to kubane er eit arkitektonisk samspel mellom det stabile og det skjøre, mellom det varige og det flyktige; mellom tempel og telt.

I Ohel Jakob held Tysklands nest største jødiske forsamling hus, nesten 9.500 soknar hit. Berre Berlin er større med sine om lag 11.000.

– Med det jødiske senteret på Jakobsplatz vender rikdommen til det jødiske livet, som blei øydelagt av Nazi-Tyskland tilbake, frå eit liv i bakgarden, til sentrum i samfunnsfellesskapet, forklarar arkitektfirma som har formgjeve synagogen, Wandel Hoefer Lorch og Hirsch.

I muren på den nye synagogen i München legg mange små papirlappar med bøner, ønskje, takkseiingar - akkurat som dei som vitjar Klagemuren i Jerusalem gjer.
I muren på den nye synagogen i München legg mange små papirlappar med bøner, ønskje, takkseiingar - akkurat som dei som vitjar Klagemuren i Jerusalem gjer. Foto: Bjørgulv K. Bjåen

Hitler gav ordre om synagogeriving

Den førre Ohel Jakob-synagogen i München blei riven sommaren 1938, på direkte ordre frå Adolf Hitler. I byen som fødde det nasjonalsosialistiske partiet skulle ikkje tyske stasbygningar bli overskugga av eit jødisk gudshus.

Seinare same år, natt til 10. november 1938, under Krystallnatta, gjekk Sturmabteilung (SA), Hitlerjugend og medlemmer i Adolf Hitlers parti, NSDAP, til åtak på jødisk eigedom over heile Tyskland. Rundt 1.400 synagogar blei vandaliserte. Opp mot 300 blei brent ned.

Tysklands jødar talte drygt 500.000 då Adolf Hitler kom til makta i 1933. Fram til utbrotet av andre verskrig utvandra kring 300.000. Av dei som blei att overlevde berre om lag 50.000 Holocaust; det industrielle folkemordet.

Den nye synagogen i Ulm.
Den nye synagogen i Ulm. 

Stor innvandring frå Russland til Tyskland

I 1989, då Berlinmuren blei riven, og samlinga av Tyskland starta, budde det berre 30.000 jødar i Vest-Tyskland og DDR. Men snart byrja talet å stige.

Då Sovjetunionen blei demontert i 1991, fekk store grupper med jødar frå dei gamle sovjetiske republikkane høve til å reise. Mange valde å kjøpe billettar til det samla Tyskland. Mellom 1990 og 1999 kom det 120.000 russiske jødar til landet.

20 år seinare søkjer ei anna gruppe jødar til Tyskland; særleg unge menneske som heller vil bu i Berlin enn i Israel. Vel 10.000 har kome denne vegen.

Nye synagogar innvia i Regensburg og Konstanz

75 år etter Holocaust, har bygginga av nye synagogar skote fart i Tyskland. Berre i fjor fekk to forsamlingar nye gudshus. I sørtyske Regensburg ligg den eldste jødiske forsamlinga i delstaten Bayern. Ho kan spore historia drygt 1.000 år tilbake i tid.

Synagogen i byen blei knust under Krystallnatta i 1938. No har eit spleiselag med fem partar, staten, delstaten Bayern, Regensburg by, det jødiske samfunnet og lokale støttespelarar, ytt til saman ni millionar euro - eller nesten 90 millionar kroner – til ny synagoge.

Rett før jul var det fest i Konstanz, vel 35 mil sørvest for Regensburg. 81 år etter at den gamle gjekk opp i flammer under Krystallnatta, kunne forsamlinga på 300 medlemmer innvie den nye synagogen i byen.

Den nye synagogen i Kontansz.
Den nye synagogen i Kontansz. Foto: Waithamai/Wikipedia

Spleiselag finansierer synagogebygging

I 1933, då Adolf Hitler og nasjonalsosialistane kom til makta i Tyskland, hadde landet kring 2.800 jødiske gudshus. I dag har landet vel 130 synagogar.

Dresden, Germany - July 24, 2015: The new Jewish synagogue in Dresden was built in 2001.
Den nye synagogen i Dresden. Foto: iStock

Midla til nye synagogar kjem i hovudsak frå staten, delstaten, byråd - og pengegåver frå kvarmann. Då Dresden skulle byggje opp att synagogen som blei øydelagt i 1938, appellerte dåverande delstatsstatsminister Kurt Biedenkopf til folket:

– Trass alt var det borgarane i Dresden som øydela den opphavlege bygningen. Difor er det ei rettferdshandling å støtte bygginga av den nye.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Den nye synagogen i Mainz. Foto: Linus Wolf/Wikipedia

Modigare jødar byggjer synlege gudshus

Manuel Herz, arkitekten bak den særeigne synagogen i Mainz; forma som fem hebraiske bokstavar i det jødisk-liturgiske ordet Kedushah, som tyder heilag, forklarar at lenge var tyske jødar prega av skam og frykt, men at dei jødiske immigrantane frå aust var modne for nye arkitektoniske uttrykk der ein vel å gjere seg svært synlege.

– Jødiske samfunn i Tyskland er ofte prega av ønskje om ikkje å trekkje til seg merksemd. Med denne synagogen, i ein by med eit av dei viktigaste jødiske samfunna, prøver me å utvikle ein annan type sjølvkjensle. Den nye synagogen er eit bygg, som med sjølvtillit plasserer seg på bykartet, forklarar Herz.

Han meiner også at ein yngre generasjon tyske arkitektar viser stor vilje til å skrote dei dempa designstrategiane som følgde i tiåra etter Holocaust.

Den nye synagogen i Chemnitz.
Den nye synagogen i Chemnitz. Foto: Sandro Schmalfuss/Wikipedia

Kjelder: dw.com, archdaily.com, yadvashem.org, Washington Post, germansynagogues.bh.org.il, snl.no, wandellorch.de, manuelherz.com, michaelzwise.com.

LES MEIR

• 75 år sidan Auschwitz blei frigjort

• Kalottaksjon for tyske jøder

• Jødekonspirasjonen som ikke dør

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter