Nyheter

Regjeringa og Frp strammar til mot islamske gjevarar

Norske moskear som veit dei mottek støtte frå totalitære islamske statar, skal bli nekta offentleg støtte.

Fleirtalet i både Stortinget og danske Folketinget (sjå eiga sak) ønskjer å ramme pengegåver frå konservative muslimske regime som raust deler ut millionar til moskear i Europa.

– Me skal stoppe pengegåver frå autoritære statar, forklarar stortingsrepresentant Himanshu Gulati (Frp), og legg til:

– Me skal ikkje stoppe donasjonar frå tyske katolikkar til norske katolikkar.

Mest aktive er Saudi-Arabia og Qatar, to land som ikkje praktiserer religionsfridom, og som held seg til særs strenge tolkingar av Koranen. Mellom anna blir Saudi-Arabia styrt på grunnlag av sharialover, som ikkje skil mellom religion og politikk.

Vårt Land fortalde måndag om den danske moskeen Taiba som har fått kring 6,5 millionar kroner frå Saudi-Arabia, ein donasjon som har fått den danske sosialdemokratiske regjeringa til å rase.

Avtale om ny trus- og livssynslov

Onsdag signerte Frp-representant Gulati ein avtalepakke med regjeringspartia som legg rammene for den nye trus- og livssynsloven, som Stortinget skal vedta før sommarferien.

Eit punkt regulerer utanlands finansiering av norske trussamfunn. Avtalen seier at «regjeringen skal legge frem et lovforslag som innebærer at tros- og livssynssamfunn som tar imot bidrag fra stater som ikke respekterer retten til tros- og livssynsfrihet, kan nektes tilskudd.»

– I den nye loven skal det stå kan, men Frp og regjeringa er blitt samde om at i innstillinga frå stortingskomiteen skal det stå skal. Trussamfunn som mottek støtte frå statar som ikkje respekterer retten til trus- og livssynsfridom skal miste offentleg støtte, seier Gulati.

Han forklarar ordvala slik: I ein lovtekst må det stå kan for det skal vere rom for skjønn - ein moské kan kome i skade for å motta pengar ein stat som ikkje praktiserer religionsfridom.

Enighet om ny livssynspolitikk. Carl-Erik Grimstad, Himanshu Gulati, Kristein Ørmen Johnsen og Jorunn Gleditsch Lossius
Kristin Ørmen Johnsen (H), Jorunn Gleditsch Lossius (KrF), Carl-Erik Grimstad (V) og Himanshu Gulati (Frp) blei onsdag samde om ny trus- og livssynspolitikk. Foto: Erlend Berge

Forskrift kjem i 2021

Dette betyr at først vedtek Stortinget ein ny trus- og livssynslov som trer i kraft 1. januar 2021, så må trus- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstads (KrF) departement utforme ei forskrift som regulerer utanlandsk støtte, sende denne på høyring, for så å leggje forskrifta til grunn for kontrollen med pengegåver frå utlandet.

Flyktningtilstrøyminga i 2015 starta arbeidet

Vandringa fram til onsdagens semje om å regulere utanlandske pengegåver til norske trussamfunn, starta seinhausten 2015. I det såkalla integreringsforliket som skulle regulere busetjinga av rekordmange flyktningar som kom til Norge, blei alle parti - minus SV og MDG - samde om at «Stortinget ber regjeringen utredede en ordning som gjør at kun stater som praktiserer religionsfrihet tillates å bistå med finansiering av trossamfunn i Norge.

Regjeringen anmodes videre om å arbeide for å tette alle smutthull i regelverket.»

Punkt i politisk plattform

I januar i fjor blei Høgre, Frp, Venstre og KrF samde om dette punktet i Granavolden-erklæringa: «Regjeringen vil trekke tilbake økonomisk støtte til trossamfunn som oppfordrer til brudd på norsk straffelov eller mottar støtte fra stater som ikke praktiserer religionsfrihet.»

Men då fagstatsråd Kjell Ingolf Ropstad sende lovforslaget til Stortinget i juni i fjor, hadde straffepunktet forsvunne: «Blant annet i lys av høringen vil departementet i­ ­denne omgangen ikke gå ­videre med forslaget om at tros- eller livssynssamfunn som tar imot ­bidrag fra stater som ikke ­respekterer retten til tros- og livssynsfrihet, kan nektes tilskudd», melde departementet.

Frp-press mot regejringa

Vel eit år seinare er Granavolden-punktet på plass i den nye trus- og livssynsloven. Fordi Frp pressa på i forhandlingane med regjeringspartia. KrF ivra ikkje for punktet om å straffe støtte.

– Frp er svært godt nøgde. På mange måtar får me no ein politikk som blir strengare enn det Granavolden la opp til, seier Gulati.

LES MEIR:

---

Gåver

  • Norske trus- og livssynssamfunn kan motta pengar frå utanlandske gjevarar. Til dømes får katolske forsamlingar i Norge donasjonar frå katolske gjevarar i Tyskland.
  • I seinare år er det blitt kjent at statar som ikkje praktiserer religionsfridom, eller privatpersonar og organisasjonar frå slike land, ønskjer å støtte muslimske trussamfunn i Norge.
  • I 2010 sa Stoltenberg-regjeringa ved utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) nei til at ein moské i Oslo og ein Tromsø kunne få lov til å motta støtte frå Saudi-Arabia.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter