Nyheter

Regjeringa har 242 ubrukte flyktningmillionar - vil ikkje bruke til å hjelpe folk ut av overfylte Hellas-leirar

Flyktningar hopar seg opp i Hellas. Rekordfå søkjer asyl i Noreg, regjeringa sparar 242 millionar. SV vil hente asylsøkjarar hit. KrF avviser forslaget.

Med kølappane i hendene ventar ei ny gruppe på å bli r­egistrerte inn på det statlege mottaks­senteret i Moria. Dei har kome til øya Lesvos i open gummibåt frå Tyrkia. Dei skal dyttast inn i ein allereie sprengfull Moria- leir.

Ei veke før jul melder ­Aegean Boat Report at rekord­mange flyktningar og migrantar har kome seg over havet mellom ­Tyrkia og fem greske øyar heilt aust i Middelhavet: 56.000 ­personar. Tilstrøyminga er opp vel 84 prosent samanlikna med 2018.

Berre i Moria-leiren på ­Lesvos, som er dimensjonert for 3.000, er no om lag 18.000 ­menneske stua saman under svært ­kummerlege kår.

SV omtalar det som «menneskeskapt katastrofe»

Karin ­Andersen (SV) feller ein knusande dom over mottaksapparatet på ­øyane som ligg tett inntil Tyrkia, feller:

– Flyktningleirane i Hellas er eit rent helvete. Det er lite mat, dårlege klede og sko, ­kulde, ­søppel og kloakk. Kvar dag kjem fleire livredde flyktningar hit – og dei blir verande her i årevis.

Leiaren i Stortingets kommunalkomité har denne jule­helsinga:

– Det er ein menneskeskapt katastrofe som Europa og Norge brutalt overser.

Rekordfå søkjer asyl i Noreg i år

Ei veke før jul slutthandsamar Stortinget årets statsbudsjett. Fordi rekordfå ­søkjer asyl i Norge i 2019, klarar korkje Kunnskaps- og integreringsdepartementet eller Justisdepartementet å bruke opp alle budsjettkronene som skulle gå til asyl-, flyktning- og integreringstiltak. 241,7 millionar ­kroner er ubrukt.

Medan flyktningar strøymer inn i Europa ved yttergrensa, opplyser Utlendingsdirektoratet (UDI) at berre 2.136 personar hadde levert inn ein asylsøknad ved utgongen av november.

Ber Noreg avlaste hellas

SV ønskjer å bruke dei ubrukte budsjettmidla til å hjelpe nokre av dei som sit i overfylte, greske mottak. I to innstillingar frå Stortingets kommunalkomité legg foreslår partiet dette:

«Stortinget ber regjeringen raskt avlaste Hellas og ta imot asylsøkere fra de ­overfylte ­leirene, herunder prioritere enslige mindreårige asylsøkere og enslige forsørgere for asyl­behandling i Noreg, i den utstrekning som lar seg gjøre innenfor en bevilgning på 241,7 mill. kroner.»

FN-bøn om å tøme leirar

SV viser til at den greske regjeringa prøver å få fleire land i Europa til å ta imot mellom anna einslege mindre­årige asylsøkjarar utan hell, og at FNs høgkommissær for flyktningar i slutten av november ba dei europeiske landa om å hjelpe Hellas med krisa på øyene Lesvos, Chios, Samos, Kos og Leros.

Oppmodinga kom etter at høgkommissær Filippo Grandi vitja ein flyktningleir på Lesvos.

– Siv og Erna seier nei, men er det verkeleg mogleg at KrF, Venstre, Ap og Sp ikkje eingong vil vere med å bruke dei ­pengane som skulle brukast til f­lyktningar, til akutthjelp til barn og ­familiar som har hamna i ­helvetet i Hellas, spør Andersen.

Stortingsfleirtalet avviser forslag

I dag blir SVs forslag handsama i Stortinget. Her blir det stemt ned av stor­koalisjonen på asyl- og flyktningfeltet – ­Høgre, Fram­stegspartiet, Arbeidar­partiet og ­Senterpartiet. KrF står saman med Høgre og Frp.

I innstillinga frå kommunal­komiteen skriv KrFs representant, Torhild Brandsdal, seg ­saman med Høgre og Frp og seier at «returutfordringene til Hellas ikke løses ved at Norge tar imot migranter uten beskyttelses­behov, men at en slik tilnærming kan føre til at flere migranter uten beskyttelsesbehov kommer til Hellas».

Dei tre regjeringspartia ­peikar vidare på at ­regjeringa gjev ­Hellas rause bidrag via EØS-­løyvingane. Det skjer med 33 millionar euro for perioden 2014-2021, retta særleg mot ­einslege mindreårige og «andre sårbare grupper».

UD godt nøgd med Hellas-hjelp

Utanriks­departementet opplyser at Noreg hjelper Hellas i Hellas:

– Å finne gode løysningar for handteringa av flyktningar og migrantar som kjem til Hellas, er eit felles europeisk ansvar. Gjennom EØS-midla bidreg Norge til styrking av heile asylhandteringa i Hellas, seier statssekretær Jens Frølich Holte (H).

LES MEIR

Ein gresk tragedie - Vårt Land vitja Moria-leiren

Opprop mot KrF-ledelsen om ureturnerbare asylsøkere

---

Fakta:

  • FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) opplyser at Hellas husar rundt 100.000 flyktningar og ­migrantar.
  • 40.000 er stua saman i leirar på øyane Lesvos, Chios, Samos, Kos og Leros.
  • Den greske regjeringa har lova å flytte folk frå øyane til fastlandet og betre leirar, men få er blitt flytta.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter