Redd smitten – nektar framande å opphalde seg i kommunen

Dei som ikkje bur i nye Hustadvika kommune blir avviste. Heimekarantenevedtak deler elles Norge i to.

Tromsø kommune vil ikkje ha potensielle koronasmitta innbyggjarar vandrande rundt i byen. Difor må alle som kjem frå fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland sitje i heimekarantene i 14 dagar. Vedtaket gjeld med tilbakeverkande kraft frå 10. mars.
Publisert Sist oppdatert

Folkehelseinstituttet oppmodar til lokale tiltak i kampen mot korona. Kommunar sender folk som har vore i store delar av Sør-Norge i karantene, og utanbygdsfolk blir avviste.

Vårt Land får måndag opplyst at KS kommunesektorens organisasjon sit i møter med helsestyresmaktene om korleis Kommune-Norge skal handsame koronapandemien som no festar grepet i landet.

Framande nekta opphald i kommunen

Kommuneoverlegen i nye Hustadvika kommune i Møre og Romsdal har avgjort at:

Alle innbyggjarar som har vore på reise i Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland etter 15. mars, må i heimekarantene i 14 dagar.

Tilreisande som ikkje bur i kommunen eller som ikkje har husvære i Hustadvika blir nekta å opphalde seg i kommunen.

Norge delt i to

Frosta kommune i Trøndelag var først ute. Allereie sist torsdag innførte kommunen inn- og utreiseforbod for å stoppe spreiinga av koronaviruset. Måndag har ei lang rekkje kommunar innført lokale karantenereglar for innbyggjarar som har vore på reise. Det har kommuneoverlegane høve til å gjere seier smittevernloven.

Vårt Lands gjennomgang viser at vedtaka langt på veg har delt Norge i to koronasonar: Sør-Norge og resten av landet.

Fylka Rogaland, Agder, Vestfold og Telemark, Viken, Oslo, Innlandet og Trøndelag blir vurdert som særs utsette.

«Det er alvor no»

I Seljord kommune i Telemark ber ordførar Beate Marie Dahl Eide alle som bur i kommunen vurdere om reisene sine ut av kommunen er naudsynte dei neste vekene:

– Det er alvor no. Me må alle gjere det me kan for å hindre smitta i å spreie seg. Akkurat no må me alle godta alvorlege innskrenkingar på kvardagslivet vårt, seier Eide.

Seljord har innført karantenepåbod for reisande frå Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Innlandet, Vestland og Trøndelag. Områda dette gjeld er dei i Noreg som har størst utbredd smitte og at det difor er karantene naudsynt, fortel ordføraren. Det blir òg vurdert karantenepåbod når det gjeld andre delar av Vestfold og Telemark fylke.

Karantenetida er sett til 14 dagar, og påbodet gjeld alle som reiser inn til Seljord, også dei som pendlar til arbeid utanfor kommunen.

Vil «redde liv»

Kommunane i det gamle Sogn og Fjordane - med unntak av Gulen og Aurland - har innført 14 dagars heimekarantene for alle personar som har vore i området som fram til årsskiftet var Hordaland. I tillegg omfattar ordninga alle som har vore i fylka Rogaland, Agder, Vestfold og Telemark, Viken, Oslo, Innlandet og Trøndelag.

Kommuneoverlege Øystein Furnes i nye Sunnfjord kommune seier til Bergens Tidende at tiltaket vil «redde liv».

Region med karantenekrav

I Nordland fylke innfører kommunane i regionen Helgeland svært stramme reglar. Her må alle som har reist utanfor Helgeland i heimekarantene i 14 dagar. Vedtaka har tilbakeverkande kraft til 9. mars for dei som har vore i Oslo, Viken, Vestlandet og Rogaland, og gjeld frå 14. mars for dei som har reiste utanfor Helgeland, men ikkje har vore i Oslo, Viken, Vestlandet og Rogaland.

Helgeland dekkjer den sørlege delen av Nordland fylke.

Andre regionar og kommunar i Nord-Norge med karantenereglar er Lofoten, Vesterålen, Tromsø, Bardu og Alstadhaug.

Karantene for tilreisande

Men fleire kommunar enn Seljord i Sør-Norge innfører heimekarantene for personar som har vore på reise i mars. I Stor-Elvdal kommune i Innlandet har kommuneoverlegen avgjort at det er Oslo og Viken som er risikoområdet.

Kommunane Suldal og Hjelmeland i Rogaland er endå strengare. Dei innfører to veker i karantene for alle som har vore utanfor fylket - og som har vore i Rogalands-kommunane Haugesund, Karmøy Randaberg, Sola, Sandnes, Stavanger, Hå, Time, Gjesdal og Klepp.

Her er loven som no blir brukt

Det er smittevernloven kommuneoverlegane no gjer nytte av. Paragraf 4-1 seier at «når det er nødvendig for å forebygge en allmennfarlig smittsom sykdom eller for å motvirke at den blir overført» kan ein vedta:

Forbod mot samankomstar og regulerer samlingar.

Stengje verksemder som samlar fleire menneske.

Stengje eller redusere offentleg kommunikasjon.

Isolere folk i avgrensa område eller regulere rørslefridommen.

Påleggje reinhald, desinfeksjon og destruksjon.

LES MER OM KORONAVIRUSET:

Hypokonderlegens helseråd: Spis godt, sov godt, slapp av - det styrker immunforsvaret

Sender etterretningsagenter etter virusbærere

Redd Barna til statsministeren: Snakk til barn som har det vanskelig nå

Fakta: