Nyheter

Raude kommunar vedtek boikottar av israelske vestbreiddvarer­

Ap-styrte Trondheim og Tromsø har vedteke lokale boikottar. LO går inn for full boikott.

Hausten 2016 fatta Trondheim bystyre eit boikottvedtak for å ramme israelske busetjingar på den okkuperte Vestbreidda: «Ulovlige bosettinger utvides, byggingen av muren fortsetter, palestinerne utsettes for daglig trakassering og møter store hindringer i sine dagligliv. Dette er en politikk Trondheim kommune ikke kan støtte opp under. Kommunen ønsker derfor å avstå fra innkjøp av varer og tjenester produsert på okkupert område.»

Ap-styrte Bodø sa nei

Ein månad seinare følgde kommunestyre i Tromsø opp og vedtok ein lokal boikott. Men Moss, Bodø, Kristiansand og Bergen sa nei.

– Ansvaret for å utøve norsk utanrikspolitikk ligg på nasjonalt nivå, sa Bodø-ordførar Ida Maria Pinnerød (Ap) då bystyret avviste kommuneboikott i 2017.

UD: Kommunale boikottar er lovleg

Etter å ha handsama spørsmålet om lokale boikottar er lovlege, konkluderte Utanriksdepartementet i fjor vår: «Kommunal anskaffelsesboikott rettet mot varer og tjenester produsert i bosettinger på okkupert område strider ikke mot Norges internasjonale forpliktelser på handelsrettens område», slo UD fast, og oppmoda lokalpolitikarar til ikkje å drive utanrikspolitikk.

Men Hamar, Lillehammer og Vaksdal har fatta boikottvedtak.

LES MEIR: LO pressar på for full boikott

LO-sjefen er motstandar

Medan folkeretts­juristane i UD arbeidde med lovlegvurderinga av kommunale boikottar, klubba LO gjennom ein full boikott av Israel, mot viljen til LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen: «Siden dialog og ­resolusjoner har hatt liten effekt, må det heretter arbeides for en internasjonal økonomisk, kulturell og akademisk boikott av Israel.»

Ap-leiar Jonas Gahr Støre protesterte. – Eg er mot boikott, sa den tidlegare utanriksministeren til NTB.

LES MEIR:

Oslos byråd vil boikotte israelske varer. Det gjer norske jødar redde

Underskriftskampanje: – Dropp boikotten. Bruk heller meir krefter på å kjempe ned antisemittismen i Oslo

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter