Nyheter

Radikal moské søkjer om å få byggje barnehage

Saudi-Arabia-støtta dansk moské søkjer om å få byggje barnehage. Lokalpolitikarar likar ikkje planane.

Saudi-Arabia har donert 6,5 millioner kroner til den danske moskeen Taiba i København, avslører Berlingske. Samstundes kan avisa fortelje at moskeen, med den saudiske støtta i ryggen, har søkt København kommune om å få byggje barnehage i moskébygget. Han skal ha plass til 82 barn og ti tilsette.

Byggjeplanar møter politisk motstand

Byggjesøknaden fell ikkje i god jord hjå barne- og ungdomsborgmeister Jesper Christensen i København kommune, som kan samanliknast med ein norsk byråd med ansvar for barne- og ungdomssektoren.

Christensen, som tilhøyer det sosialdemokratiske partiet, fortel Vårt Land at kommunen ikkje har fått ein søknad om å tilby ein barnehage - Taiba har førebels berre søkt om å få byggje éin.

Men kommunetoppen likar ikkje barnehageplanane:

– Heilt generelt kan eg seie våre dagtilbod handlar om at alle barn skal få ein god start i det danske samfunnet, seier han og legg til:

– Mi personlege haldning er at det rimar dårleg med dei verdiane som rår desse krinsane, seier borgmeistaren.

Ambassade avviser krav

Moskeen Taiba i København er omstridd, fleire radikale muslimar har vitja han, og ein har talt her. Mannen er definert som hatpredikant, og er i etterkant nekta innreise til Danmark.

Saudi-Arabia skriv i en e-post at dei ikkje krev noko tilbake for dei om lag 6,5 millionar kronene dei har donert. Landets ambassade i København skriv at dei ikkje stiller krav til kven som skal vere imam eller sitje i styret.

Kommunen lovar sterkt tilsyn

I dag hindrar ikkje dansk lovgjeving religiøse institusjonar frå å etablere barnehagar. Så korkje sosialdemokratiske lokalpolitikarar – eller den sosialdemokratiske regjeringa kan stoppe Taiba.

– Slik dagens lovgjeving er utforma, kan me ikkje hindre dei å søkje. Men me har ein god dagtilbodslov, som mellom anna slår fast at dansk, som eit utgangspunkt, skal vere hovudspråket, og det er klare reglar for kva som blir kravd av dei som driv dagtilbod, forklarar Jesper Christensen.

Han legg til at København kommune fører grundige tilsyn med alle som driv barnehage i Danmarks hovudstad:

– Så me følgjer barn tett.

Danmarks barne- og undervisningsminister Pernille Rosenkrantz-Theil fortel Berlingske at regjeringa vil forby donasjonar som undergrev landets demokrati - noko som kan ramme moskédonasjonar frå særleg Saudi-Arabia. Statsråden tvilar på om Taiba vil lære dei små om dansk demokrati.

Taiba har ikkje svart på Vårt Lands spørsmål.

Får ikkje starte grunnskule

Som i Danmark har aktørar i Norge som ønskjer å etablere muslimske tilbod til barn, støytt på politisk motstand.

I 2018 fekk Stiftelsen Den Muslimske Grunnskolen endeleg avslag i Kunnskapsdepartementet. Stiftinga fekk ikkje lov til å starte ein muslimsk grunnskule i Oslo.

Først sa Utdanningsdirektoratet nei til privatskulen, så sa departementet det same. Akkurat som i Danmark blei det brukt argument om språkopplæring og integrering.

Jesper Christensen (S) er barne- og ungdomsborgmeister i København kommune.
Jesper Christensen (S) er barne- og ungdomsborgmeister i København kommune. Foto: København kommune.

To søknader, to avslag

To gonger – i 2015 og 2017 – har skulen søkt om å bli godkjent som friskule med rett til statstilskot. Då dåverande kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) forklarte avslaget i 2018, sa han til NTB at departementet avslo søknaden fordi skulen ikkje oppfylte lovens minstekrav om læreplanar, «og av integreringshensyn».

Sanner drog fram at regjeringa legg vekt på å fremje integrering og hindre segregering. Alle barn skal få likeverdige opplæringstilbod og lære godt norsk, «slik at de har gode forutsetninger for deltakelse i utdanning, arbeids- og samfunnsliv», poengterte Sanner.

Statsråden meinte at den muslimske friskulen ikkje ville styrkje fellesskapet med andre norske barn.

LES MEIR:

---

Pengegåve

  • Moskeen Taiba i København har fått om lag 6,5 millionar kroner i ein donasjon frå Saudi-Arabia. Pengane blei utbetalt i 2018, av landets ambassade i København.
  • Danske politikarar, både i posisjon og opposisjon, reagerer sterkt på pengegåva frå det totalitære regimet i Saudi-Arabia, som ikkje praktiserer religionsfridom, ytringsfridom og politisk fridom.

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter