Nyheter

Ytringsfridom har blitt løfta fram i eit oppheta ordskifte i Storbritannia den siste veka. Aktivisten Tommy Robinson vart dømt til 13 månader fengsel. Han vart arrestert for å ha filma dei sikta i ein stor og alvorleg overgrepssak.

Robinson sa han ønskte å vise fram dei sikta i overgrepssaka, som i hovudsak er muslimske menn med bakgrunn frå Sør-Asia.

– Han prøver å framstille seg sjølv som ein apostel for ytringsfridomen, som ein slags martyr. Men det verkar meir som ein kamuflasje for å angripe og stigmatisere muslimar og islam, lyder Lars Gules analyse. Gule forskar på ekstremisme ved OsloMet.

Grunnleggjar