24 Norske Akevitter heiter ein av drikkekalendrane. Han er sett saman av akevittar frå mange produsentar. Her får du 23 flasker á to centiliter og ei flaske med fire centiliter, som er til sjølve julaftan.

Dagleg leiar Randi Hagen Eriksrud i Av-og-til, ein kampanjeorganisasjon for alkovett, reagerer kraftig på at Vinmonopolet tilbyr drikkekalendrar.

– Eg tykkjer ikkje dette er i tråd med Vinmonopolets samfunnsansvar. Det skal avgrense skadeverknadane av alkohol gjennom å sikre ansvarleg sal av alkohol.

Ho meiner difor at «eit produkt som oppmodar folk til å drikke sprit kvar dag bryt med det samfunnsoppdraget».

LES MEIR: Prest vil by på alkohol - slutter om han ikke får lov

Har spurt nordmenn om alkoholkalender

Av-og-til har fått meiningsmålingsbyrået Respons til å sjekke populariteten til drikkekalendrane. Svara avdekkjer at heile 16 prosent av vaksne nordmenn fortel at dei har kjøpt eller fått ein drikkekalender med alkohol.

– Desember er allereie stappfull av drikkehøve, og det er ikkje sikkert barna dine tykkjer det er like hyggjeleg som du. Barn med foreldre som drikk for mykje, treng ikkje at Vinmonopolet gjev foreldra endå ein grunn til å opne ei flaske kvar dag i førjulstida, seier Hagen Eriksrud.

Drikk meir brennevin i år

I drikkekalendrane polet sel er det berre brennevin. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) for første halvår i år viser at nordmenn drikk meir sprit og vin, medan salet av øl og rusbrus gjekk ned. Brennevinssalet har hatt størst auke i denne perioden med 139.000 vareliter, noko som tilsvarar ein auke på 2,91 prosent.

Konsekvensane av alkoholkonsumet har Folkehelseinstituttet rekna på: Kring 90.000 barn har ei mor eller far som har slite med alkohol berre det siste året.

Randi Hagen Eriksrud i Av-og-til meiner difor at kalendrar med alkohol er dårlege tilbod i desember:

– Dette er den månaden me kjøper mest alkohol i Norge. Me treng difor ikkje at Vinmonopolet dyttar produkt som får folk til å drikke endå meir.

Frp-statsråd stoppa kalender

Sal av alkoholkalendrar på polet har også tidlegare vekt oppsikt. I fjor greip dåverande helse- og omsorgsminister Åse Michaelsen (Frp) inn og stoppa Vinmonopolets eigen julekalender, ei gåveøskje med plass til 24 kartongar. Her skulle kundane sjølve kjøpe alkoholen og putte han i øskjene.

Til Dagsavisen forklarte Michaelsen kvifor ho stoppa polets kalender:

– Vinmonopolet har ei særeiga rolle, med ein eigen lov – vinmonopolloven. Føremålet er at salet av alkohol skjer kontrollert, og Vinmonopolets oppgåve er berre å selje alkoholhaldige varer og alkoholfrie festdrinkar.

Dermed fekk Vinmonopolets eigen adventskalender kort levetid. Han kom i butikkane i 2017.

LES MEIR: Kirkebygg med skjenkerett

Vinmonopolet: Må ta dei inn

På hovudkontoret til Vinmonopolet forklarar pressekontakt Hege-Lill Hagen Asp kvifor statens eigne monopolbutikkar har drikkekalendrar i sortimentet:

– Kalenderprodukta det er snakk om finst i bestillingsutvalet. I samsvar med EØS-avtalen er Vinmonopolet plikta å gje grossistane marknadstilgang til bestillingsutvalet, så lenge produkta grossistane melder på ikkje er i strid med norsk regelverk.

Hagen Asp peikar også på at andre sel alkoholkalendrar:

– Julekalender med øl er noko som har vore i sal i daglegvarebutikkane i ei årrekkje, og me trur nok at nokre grossistar kan ha blitt inspirerte av denne trenden.

Ønskjer debatt

Vinmonopolet seier kritikken Av-og-til reiser er «ein ny problemstilling for oss». Men pressekontakt Hagen Asp inviterer til debatt:

– Me stiller med eit ope sinn og helsar ein alkoholpolitisk debatt om dette velkommen.