Klima

– Plastkampen slåst ikkje med klimakampen

Nordmenn meiner plastsøppel er vår tids største miljøtrugsel. Det hindrar ikkje folk sitt klimaengasjement, meiner Kristin Halvorsen.

Bilde 1 av 2

– Går engasjementet om plastsøppel på kostnad av engasjementet om klimaendringane?

– Det gjer det ikkje, tvert om. Det kan bidra til merksemd rundt klima også. Engasjement om plast er nært og konkret, ein kan plukke opp plast sjølv, ein kan lære om samanhengen mellom plast i ei elv i Asia, og kvalen ved Svalbard. Alt miljøengasjement er bra og kan smitte over på engasjement om klima. Klimaproblema er lenger borte, ikkje så konkret og vanskelegare å ta tak i.

Gåsenebbkvalen

Vi har spurt Kristin Halvorsen, direktør i CICERO Senter for klimaforsking, om klimaendringane blir gløymd under all plastsøpla.

Nordmenn sitt engasjement mot plastavfallet har blitt godt synleg i år. Fleire matvarekjeder har følgd opp og lova mindre plast i butikkar og mindre plast som emballasje rundt produkta vi kjøper, ifølgje Dagsavisen. I tillegg har utviklingsministeren i år bestemt seg for å løyve 280 millionar kroner til å kjempe mot plast i hava.

Gåsenebbkvalen som vart funnen ved Sotra med magen full av plastsøppel i januar i fjor, har blitt sjølve symbolet på engasjementet for å rydde plastsøppel. Kvalen var òg sentral då NRK var med på å mobilisere fleire titals tusen til strandryddedag i mai, og sende ein dokumentarserie for ungdom om problemet.

Dette har folk fått med seg, og tidlegare i år viste ei undersøking laga for Norad at 7 av 10 nordmenn meiner at plastsøppel i havet er vår tids største miljøtrugsel. Folk ser plastsøppel som ei større utfordring enn klimaendringane.

LES OGSÅ: Muslimsk miljødugnad

– Plass til fleire saker

– Symbolikken i eit bilete av ein symjande isbjørn blir mykje brukt i samband med klimaendringar. Er det med på å øydeleggje folk si forståing av klimaproblema som eit globalt problem som rammer millionar av menneske i dag?

– Å få døme på forureining eller korleis dyr blir ramma, bidreg til at vi ser konsekvensane av det som skjer. Det er plass til fleire saker om gongen. I tillegg treng vi gode døme på korleis global oppvarming fører til meir ekstreme regnskyll, og skadane det fører med seg. Då blir det nærare og meir konkret.

– Er det for lite engasjement om klima i den politiske debatten?

– Det ikkje for lågt engasjement, men vi må vere utålmodig overfor kva som skjer av endringar. Vi har blitt nøydde til å finne ut korleis vi kan tilpasse oss dei endringane som skjer. Vi ser det tydeleg når ein snakkar om oljeutvinning i Barentshavet, men samtidig ser i marknaden at investeringar er på veg vekk frå olje og over til andre energikjelder. Dette vil nok politikken også ta inn over seg.

– Korleis kan klima bli løfta opp på dagsorden?

– Det er viktig å ha alternativ. Når det gjeld elbilar ser vi at når det finst eit godt klimavenleg alternativ, då vil folk velje det. Det er ei viktig politisk oppgåve å få fram alternativa. Klimapolitikken si største utfordring er at klimaendringar skjer sakte. Mykje av dei alvorlege konsekvensane skjer fleire tiår fram. Medan i politikk er meir kortsiktig tenking, så det er vanskeleg å tenke like langsiktige perspektiv politisk.

– Når det viser seg at plastsøppel er noko som engasjerer folk, er det freistande for regjeringa å løyve 280 millionar til å fjerne plast, framfor klimatiltak?

– Norge er ein havnasjon og at Norge tar ansvar for reint hav er viktig. Eg trur ikkje ein miljøsak slåst mot andre klimasaker. Viss forventingane aukar til regjeringa sin miljøpolitikk, vil forventningane også auke til klimapolitikken.

– Sjølv om vi skulle klare å fjerne all plasten frå hava, vil klimaet framleis bli varmare. Kvar blir det av den klimapolitikken som verkeleg kan stoppe endringane?

– No skal vi i Norge gjennomføre nasjonal politikk saman med EU – ikkje berre med kvotemarknad, men også om meir praktiske tiltak. Vi forventar at norske ambisjonar her vil vere høge. Paris-avtala er laga slik at kvart land sine forpliktingar skal strammast inn etterkvart. Vi merkar godt i finanssektoren at merksemda rundt klimarisiko i investeringar har blitt heilt annleis etter Paris-avtala, dei lurer på kva marknader som vil vinne i overgangen til ein grønare økonomi. Så den norske regjeringa vil ikkje kunne kome unna med låge klimaambisjonar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima