Nyheter

Oslos boikottplan gjer norske jødar redde

Oslos byråd ønskjer å boikotte israelske varer frå Vestbreidda. Norske jødar åtvarar. – Folk kan slutte å vise fram sin jødiske identitet.

– Brevet er veldig sakleg, og bodskapen gjer inntrykk, seier Sunniva Holmås Eidsvoll, SVs gruppeleiar i Oslo bystyre, til Vårt Land. Men ho understrekar at SV vonar Oslo vil vedta boikott av varer som er produserte i israelske busetjingar på Vestbreidda.

– Det vil vere mogleg å balansere både ein boikott og ein innsats mot antisemittisme.

Vel 800 har signert brevet. Rundt 100 av dei er norske ­jødar. Oppmodinga til det attvalde byrådet og hovudstadens bystyre er klar: Legg vekk kommunal Israel-boikott.

«Av erfaring vet vi at slike ­absolutte vedtak om maktmidler – uansett intensjon – gjør situasjonen vanskelig for oss som jøder. Det er allerede et stort antall norske jøder som holder sin jødiske identitet og tilhørighet skjult av frykt for å bli avkrevd en bestemt mening om saker som denne. Et stort antall trusler mot jødiske mål i Norge bruker anti-israelske holdninger som påskudd», ­lyder det i brevet som er adressert til Oslo bystyre.

LES MEIR: UD: Lokale boikotter er lovlige

Rapport frå HL-senteret viste at norske jødar er redde

Rapporten Holdninger til jøder og muslimer frå HL-senteret i 2017 avdekkjer at svært mange norske jødar ikkje vågar å vise at dei tilhøyrer den nasjonale minoriteten. To av tre i utvalet seier dei unngår å vise sin ­«religiøse tilhørighet fordi de er redd for negative holdninger». Same ­undersøking avdekkjer at 28 prosent av ­jødane har «ofte eller noen ganger» blitt gjeve kjensla ikkje å høyre til det norske samfunnet.

Dei som har sendt brev til Oslos bystyre forklarar kva dei fryktar: «Som dere sikkert er kjente med, er jødiske barn ofte utsatt for mobbing i Oslo-skolene,­ og da kommer særlig anti-israelske slagord opp. Mange­ av våre barn har også israelsk mor og/eller far.»

Oslos byråd vil bruke innkjøpsmakt

Det er i den politiske plattforma til Ap, SV og MDG at boikott blir presentert som politisk verkemiddel. Partia vil «utrede handlingsrommet som finnes i anskaffelsesregelverket for å ikke handle varer og tjenester som er produsert på område okkupert i strid med folkeretten av selskaper som opererer på tillatelse fra okkupasjonsmakten».

SVs gruppeleiar Sunniva Holmås Eidsvoll har forklart NTB kva som ligg i punktet:

– Det palestinske folket har levd under ulovleg okkupasjon i over 50 år. Det er eit felles globalt ansvar å bidra til varig fred og fridom for palestinarane, ­difor er eg glad for at byrådet no skal vurdere om det er mogleg å bruke­ innkjøpsmakta aktivt mot okkupasjonen.

– Dersom det finst eit handlingsrom, er det andre land og okkuperte område som kan bli ramma av Oslos eventuelle ­boikott?

– Det einaste andre døme eg kjem på er Marokko, som okkuperer Vest-Sahara, seier Holmås Eidsvoll til Vårt Land.

BDS Norge ber om fleire lokale boikottar

BDS Norge ­ivrar for kommunale boikottar. I ein blogg på bdsnorway.net ber styre­medlem Lars Gule landets nye kommunestyre om å ikkje å kjøpe varer og tenester produsert i dei Israel-okkuperte palestinske­ områda. BDS Norge er ein del av ei internasjonal rørsle som oppmodar til brei boikott av Israel - der bokstavane står for Boycott, Divestment og Sanctions.

Byrådet skal utgreie boikott

I Oslo er Høgre klare­ på kva byrådet må gjere med boikottpunktet i den politiske plattforma:

– Fordi byrådet ikkje skal drive­ utanrikspolitikk, bør det bli lagt vekk, seier Øystein Sundelin, Høgres gruppeleiar, til Vårt Land.

Han meiner byrådet bør lytte til åtvaringane frå norske jødar, og seier at «det er svært vanskeleg å balansere kampen mot anti-semittisme med boikott av israelske varer frå Vestbreidda».

MDGs finansbyråd, Einar Wilhelmsen, opplyser i eit brev til Høgre at byrådet skal få «utredet det juridiske handlingsrommet for føringene som er gitt i byrådsplattformen».

Frykar jødar blir usynlege

Bak brevet til Oslo bystyre står ein improvisert underskriftskampanje. Leif Knutsen er ein av initiativtakarane.

– Når Oslo byråd vil drive utanrikspolitikk, må me minne det om konsekvensane det får lokalt i Oslo.

– Kva blir konsekvensane?

– Mobbinga av jødiske barn blir verre,­ og vaksne som gjev til kjenne at dei er jødiske, blir raskt gjort ansvarlege for Israels handlingar, gjerne i svært utfordrande ordelag og med sterke skuldingar.

Norske jødar vil utvandre

– Kva blir resultatet av dette, på sikt?

– Som jøde kan ein bli meir synleg, utvandre eller bli usynleg­ – og med det assimilert, ­seier Knutsen og forklarar:

– Det første betyr at me tek mot til oss, står fram og risikerer alt frå stygge tilrop til dødstruslar. Eller me kan gje opp og utvandre frå Norge, finne nye heimland. Om ti utvandrar blir det eit stort tap for heile landet, for den jødiske minoriteten er liten. Til sist kan ein gå under jorda, slutte å vise fram den jødiske identiteten; bli jøde i løynd.

Om dei to siste alternativa seier Knutsen at «dette kan ikkje Norge vere kjent med».

– Kva er då ditt råd – og dei som har signert brevet til bystyret, byrådet og bystyret?

– Dropp boikotten, bruk heller meir krefter på kjempe ned antisemittismen i Oslo.

LES MEIR: Norsk kultur etterspurt i Israel

Skuldar SV for «festtalar»

– Byrådspartiet SV seier dei skal klare å balansere ein boikott med lokal kamp mot antisemittisme, vil dei klare det?

– Me avventar konkrete og meir kraftfulle tiltak mot antisemittismen. Det held ikkje med proklamasjonar og festtalar.

– Kva parti har svart på brevet dykkar?

– Til no, berre Høgre.

Knutsen seier han hadde venta at fleire parti ville respondert på brevet.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter