I snart 20 år har overhovudet i den katolske kyrkja vist vilje til å gjere opp for gamle overgrep.
Pave Frans:
2018: Under eit besøk i Chile ba paven om orsaking, på vegne av kyrkja, då han møtte chilenarar som er blitt seksuelt misbrukt av katolske prester. Han ba ofra om orsaking for «uopprettelege skader».
2017: Då paven møtte rohingya-flyktningar i Bangladesh, ba han om orsaking på vegne av verdssamfunnet. Rohingyaane er jaga frå heimlandet Mynamar til nabolandet Bangladesh, og er offer for etnisk reinsing.
2015: Paven ba under eit besøk i Bolivia om orsaking for at kyrkja var medansvarleg den brutale koloniseringa av særleg Sør-Amerika, han ba særleg kontinentets urbefolkning om orsaking.
LES MEIR: Paven nektar å be om orsaking
Pave Benedikt XVI:
2010: Under eit besøk i London ba paven om orsaking for overgrep som katolske prestar var ansvarlege for. Paven sa at «syndene som er utført er ei skam for og ei audmjuking av heile den katolske kyrkja».
2010: I ein tale på Petersplassen i Vatikanet ba paven både Gud og ofra for seksuelle overgrep om orsaking. Overgriparane var prestar i den katolske kyrkja.
2010: I eit brev til overgrepsoffer i Irland ba paven om orsaking for overgrepa mot barn som katolske geistlege i landet stod bak. «De har lidd frykteleg og eg ber om orsaking», skreiv han.
2007: Paven vedgjekk at koloniseringa i Sør-Amerika førte til lidingar for urbefolkninga, men han ba ikkje om orsaking for fråsegna om at den katolske kyrkje «reinsa indianarane».
LES MEIR: Oversåg urfolk
Pave Johannes Paul II:
2000: Paven ba om tilgjeving for synder og feil som den katolske kyrkja har utført eller sett igjennom fingrane med gjennom 2.000 år. I ein spesiell seremoni i Peterskyrkja i Vatikanet blei ei rekkje synder lista opp: korstogmassakrar, inkvisisjonens tortur, heksebrenningar, utryddinga av dei «heidenske» indianarane i Amerika, slaveriet – og antisemittismen og dei lidingane som jødane er blitt utsett for.
2000: Paven ba ikkje om tilgjeving for den katolske kyrkjas rolle under Holocaust då han vitja Yad Vashem-minnesmerket i Israel. Han uttrykte «sorg over dei kristnes hundreårlange forfølging av jødane.
LES MEIR: Historisk tiltale mot katolsk kardinal