Nyheter

Ny president vil få lite armslag

Korleis Imran Khan skal reformere Pakistan er uklart. Det som er sikkert er at han ikkje kan trasse militæret og blasfemilovene.

Valet i Pakistan sist veke har velta om på den politiske situasjonen i landet. Den karismatiske cricketstjerna Imran Khan vann med klår margin, og historisk store maktpartia må no alliere seg i opposisjon.

Sekulær til religiøs

Mest truleg kan Khan takast i eid som ny statsminister i august. Då må han vise kven han er, for det er framleis uklart kva politikk han vil stå for.

Då han i 1996 skipa partiet Tehreek-e-Insaf (PTI), som tyder røyrsla for rettferd på norsk, var målet å få ein slutt på korrupsjonen i landet. Det er det framleis, men sidan har mykje anna endra seg.

Han var ein sekulær Oxford-utdanna cricketstjerne, men no har han endra kurs.

– Det er eit langt sprang frå å feste med Mick Jagger og sosieteten i Storbritannia for nokre tiår sidan, til å bli ein religiøs politikar i Pakistan, seier Elisabeth Eide, som har forska på Pakistan og Afghanistan.

LES MEIR: Følgjer valthriller på avstand

Blasfemilov

No støttar Khan sharialover, og han støttar blasfemilovene som Pakistan har blitt kritisert for internasjonalt. Desse lovene kan gje lange fengselsstraffer og dødsstraff for handlingar som blir tolka som nedsettande mot Islam.

– Han er nok nøydd til å forsvare støtta til blasfemiparagrafane som han tidlegare har vore kritisk til. Noko av det farlegaste ein kan gjere i Pakistan er å stå opp mot blasfemiparagrafane, seier Eide.

Dette har lenge undertrykt religiøse minoritetar i landet. Blasfemilovene kontrollerer òg styresmaktene sitt handlingsrom. I november i fjor måtte justisministeren gå av for å unngå store konservativt religiøse opptøyar i landet. Regjeringa ville gjere små endringar i vallova, men konservative leiarar meinte det innebar å anerkjenne den muslimske minoriteten Ahmadiyya. Regjeringa måtte til slutt trekke forslaget.

Det er lite som tyder på at Khan vil stå mot desse kreftene.

LES MEIR: Fundamentalistar stiller til val i Pakistan

Vatn over hovudet

Khan har lova mange store reformer for landet, men ingen kan forklare korleis han skal få det til.

– Det er nokså vagt korleis han skal kjempe ned korrupsjonen. Han vil reformere statsapparatet, han lova skattlegging og velferdstilbod, men det er ekstremt utfordrande i eit land som Pakistan, seier Eide.

TV 2-journalist Kadafi Zaman, som vart arrestert i Pakistan då han dekka valet i juli, meiner det vil vere opp til hæren kva han kan gjennomføre.

– Dei som eigentleg bestemmer vil framleis vere militæret, sånn har det historisk vore. Det blir spennande å sjå kor mykje spelerom dei kan gje Khan, til å gjennomføre reformene han snakka om før valet, seier han.

Khan sitt parti PTI fekk ikkje fleirtal i parlamentet, så dei må samle støtta som trengs frå småparti og uavhengige representantar, før ei regjering kan vere på plass.

LES MEIR: Slår hardt ned på journalistikk

Uro

Motstandarar meiner at Khan kan takke den mektige hæren og etterretningstenesta for valsigeren. Det meiner Zaman òg.

– Pressen kan ikkje seie at etterretninga blandar seg i politikken, ingen kan seie det. Men dei ønskte ein vinnar i dette valet, og det fekk dei, seier han.

Valobservatørar frå EU har konkludert med at ikkje alle hadde like føresetnader i valet.

Dei fleste partia var ute og avviste valresultatet – før noko resultat var klart. Over ti parti har gått saman om å protestere mot valresultatet, og dei vurderer å boikotte parlamentet.

– Det er stor uro og store protestar i Pakistan no, men det får ikkje media rapportere om. Omstendene rundt dette valet har nok ført til at landet har blitt veldig splitta, seier Zaman.

Svake kort

Det blir ikkje lett i utlandet heller. USA gir Pakistan store pengesummar i støtte for å kjempe ned det pakistanske Taliban, men USA-president Donald Trump har skulda Pakistan for å verne Taliban. Dette må den nye presidenten løyse.

– USA er ikkje veldig begeistra for dette valet. Khan har vore hard i retorikken mot USA grunna dronekrigen i grenseområda til Afghanistan, seier Eide.

Men Pakistan har ei stor statsgjeld, og er avhengige av støtta frå USA, så her har Khan svake kort overfor USA.

Han lova òg at han skal betre tilhøva til nabolandet India, som har vore spent sidan 1947.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter