Nyheter

Ny erkebiskop splittar kyrkja

Stephen Cottrell blir ny erkebiskop av York. – Ei fornærming, ifølgje enkelte kyrkjemedlemmar.

Jordnær. Vennleg. Inspirerande. Biskop-kollegaer i Den anglikanske kyrkja er fulle av godord om den nyutnemnde erkebiskopen av York, Stephen Cottrell. Han tek over jobben etter John Sentamu i juni i år.

Sjølv seier han at han er både audmjuk og spent.

– Eg håper å tilføre meir glede til kyrkja og å spreie evangeliet til større deler av folket, seier han til BBC.

LES OGSÅ: Torhild Fiskeaunet er den første norske kvinnelege prest i Den anglikanske kyrkja

Mangfald

Cottrell har engasjert seg i fleire saker sidan han vart ordinert i 1985. Han har mellom anna oppfordra kyrkja til å hjelpe romfolk og andre reisande, og han har også engasjert seg i kampen mot atomvåpen. Han har tidlegare kritisert kyrkja for å ha for få leiarar med minoritetsbakgrunn.

– Det er ikkje vits i å late som at rullebladet vårt er bra. Dette er eit tema som betyr svært mykje for meg, sa han til The Guardian.

– Eg håper kyrkja vil vere meir mangfaldig når eg ein gong er ferdig som biskop.

Han har også uttalt støtte til likekjønna par ved å understreke at alle er velkomne i kyrkja, uansett seksualitet.

LES OGSÅ: Dette meiner den anglikanske kyrkja om konverteringsterapi

– Ei fornærming

Somme medlemmar av kyrkja reagerer på utnemninga av Cottrell. Andrea Williams, eit medlem av Den anglikanske kyrkja sitt kyrkjemøte, meiner Cottrell ikkje respekterer Bibelens føringar rundt seksualitet og ekteskap.

– Denne utnemninga er ei siste fornærming mot dei som vil halde fast ved bibelsk undervisning i Den anglikanske kyrkja, seier ho til Christian Today.

Bakgrunnen er ei sak frå Cottrells noverande bispedøme, Chelmsford. Usemje rundt behandlinga av ein transkjønna elev og undervisning rundt dette temaet ved ein av kyrkjas skular i området, førte til at ein prest gjekk av i protest. Cottrell vart skulda for å presse han ut av kyrkja, noko han sjølv er sterkt ueinig i.

– Eg trur at vi kan leve saman med våre usemjer og at desse tema kan bli diskutert på ein open måte i kyrkja, skreiv han i eit brev gjengitt av Christian Today.

Cottrell seier han ser fram til å vere ei stemme for den nordlege delen av England, ved å ta opp dei store sosiale forskjellane mellom nord og sør i landet.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter