– Øvinga er nyttig for Forsvaret. Ved å delta styrkar me vår evne til å handtere krisesituasjonar i regionen, Forsvaret blir betre budde til å handtere norske interesser dersom dei på nytt skulle bli trua, seier statssekretær Tone Skogen (H) i Forsvarsdepartementet (FD) til Vårt Land.

Ho refererer til terroråtaket på gassannlegget In Aménas i Algerie i januar 2013. Væpna islamistar tok rundt 700 arbeidarar som gislar. 40 tilsette blei drepne i aksjonen. Fem av dei var nordmenn tilsette i Statoil.

LES MEIR: – Sender soldatar utan politisk debatt

Ekstremistkamp

Flintlock er ei årleg storøving som går på rundgang mellom land i Vest-Afrika, og som blir leia av USAs Afrikakommando. I år deltek 16 vestafrikanske land og 15 vestlege land, og øvingsområda er lagt til Burkina Faso og Mauritania i tidsrommet 18. februar–1. mars.

Afrikakommandoen opplyser at eit av hovudmåla med årets øving er å «styrke evna til viktige partnarland i regionen til å motvirke valdelege ekstremistiske organisasjonar».

Mellom dei 15 vestlege deltakarane er Norge:

– Me sender eit mindre tal spesialsoldatar til Burkina Faso, fortel statssekretær Skogen.

Nordmennene blir i landet i tre veker.

Vegleiarar

Burkina Faso ligg i Sahel, regionen som strekkjer seg vest-aust langs Saharas sørlege kant. Fem land utgjer Sahel, Mauritania, Burkina Faso, Mali, Niger og Tsjad.

– Kva blir oppdraget til dei norske soldatane?

– I hovudsak vere med å trene opp soldatar frå land i regionen.

Skogen forklarar at dei norske spesialsoldatane – som har liknande røynsler frå treningsoppdrag i Afghanistan – skal «trene og mentorere» lokale styrkar slik at dei skal betre rusta til å møte utfordringane i regionen.

Mentorere tyder i denne samanhengen vegleiing av mindre røynde yrkeskollegaer.

Burkina Faso ligg midt i Sahel-regionen som er åstad for eit blodig islamistisk opprør der al-Qaida i Maghreb (AQIM) og Boko Haram er mellom aktørane.

Sahelstrategi

Solberg-regjeringa og utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) har peika ut Sahel som ein ny og viktig innsatsregion for Norge, både for sivil utviklingshjelp og militær bistand. Norge deltok med soldatar på fjorårets Flintlock-øving, og har også vore med tidlegare år. I den siste salderinga av fjorårets statsbudsjett opplyser FD at Norges deltaking i Flintlock 2018 kosta 2,7 millionar kroner.

I fjor haust la regjeringa fram ein eigen Sahel-strategi. Her blir stoda i regionen presentert slik: «Etter at Libya braut saman i 2011 og det braut ut konflikt nord i Mali i 2012, har situasjonen i Sahel-regionen gjeve stadig større grunn til uro. Blandinga av fattigdom, organisert kriminalitet, valdeleg ekstremisme og svake institusjonar gjev regionen eit aukande preg av dårleg tryggleik, ustabilitet og konflikt.»

LES MEIR: Terroristjakt i lutfattig ørkenland

Terroråtak

Sahel er blitt eit oppmarsjområde for særleg militante, muslimske ekstremistar. I år har meldingane om terroråtak i særleg Burkina Faso kome tett:

10. januar: Minst 12 menneske blei drepne i eit åtak på landsbyen Gasseliki, nord i Burkina Faso. Militæret opplyste at «etter alt å dømme blei åtaket utført av jihadistar».21. januar: Ti sivile blei drepne i eit terroråtak mot landsbyen Sikire, nord i Burkina Faso.5. februar: 14 sivile blei drepne nord i Burkina Faso, i byen Kain, nær grensa til Mali. Militæret skildra åtaket som «jihadistisk» – og svarte med åtak i tre nordlege provinsar og drap 146 militante.

Åtvaring

Statsminister Erna Solberg (H) deltok tidlegare i veka på toppmøtet til Den afrikanske union (AU). Her høyrde ho AUs kommissær for fred og tryggleik åtvare om auka terrorisme på det afrikanske kontinentet, særleg i Sahel-regionen.

– Det er eit aukande tal terrorgrupper som går til åtak på sivile og institusjonar i desse landa, sa Smail Chergui.

Han peikar særleg på Burkina Faso, der er det «nærast dagleg» terroråtak.