Nyheter

Nordmenn dreiv slavehandel

Danmark-Norge bygde seks handelsfort på Gullkysten. Nordmenn la afrikanarar i lenkjer.

Bilde 1 av 2

Plaketten på murveggen fortel ein fortetta historie som er vigd liten plass i soga til det moderne Norge, den transatlantiske handelen med menneske:

«Ein aktiv eksport/import-handel blei utført med slavar, gull og elfenbein i byte med muskettar, brandy, jernreiskapar og skjell. Slavane blei transporterte over Atlanterhavet og dei fleste blei selt på dei dansk-norske øyane i Karibia, St. Croix, St. Thomas og St. John.»

Plaketten er skrudd fast på Fort Prinsensten, som blei bygd av Danmark-Norge for å halde europeiske konkurrentar unna den lukrative handelen med slavar aust på Gullkysten for vel 300 år sidan.

LES MEIR: 30 millioner lever som slaver

Til kyststrekninga i Vest-Afrika, som også bar namnet Dansk Guinea, kom botanikaren Wulff Joseph Wulffs i 1836.

På oppdrag frå kongen i København skulle han få jorda til å bløme med kaffitre. Etter at ho hadde blitt blodstenka av slavehandelen.

Den danske filmen Gullkysten, som har premiere i Norge fredag, er tufta på Wulffs historie.

LES FILMMELDINGA HER: Et mørkt kapittel

Attraksjon

Vi er i kystbyen Keta, heilt aust i dagens Ghana. Vi står utanfor fort Prinsensten, reist i 1784.

År for år et havet seg nærare det gamle slavefortet. Snart rasar det ut og blir ein ruin, akkurat som fire andre fort som hadde korsflagg øvst på flaggstonga.

Nordmenn flest er uvitande om Norges og nordmenns deltaking i handelen med slavar

– Fredrik Hyrum Svensli, historikar

Prinsensten var i bruk heilt fram til 1980. Først som militært fort og slavekaserne. Så fengsel.

Ei kraftig bølgje knuste delar av bygget. No er det turistattraksjon. Folk som kjem til Ghana vil sjå eit ekte handelsfort der slavar blei selt og kjøpt.

Handelsvare

- Nordmenn flest er uvitande om Norges og nordmenns deltaking i handelen med slavar, meiner historikaren Fredrik Hyrum Svensli.

Kongeriket Danmark-Norge kom seglande til Vest-Afrika i 1650-åra. Eit handelskompani etablerte fortet Fredriksborg i 1659.

I førstninga var det den lukrative gullhandelen som lokka. Difor fekk strekninga i Guineabukta namnet Gullkysten. Lenger aust låg Slavekysten – dagens Togo og Benin.

LES MEIR: Slavefilm kåret til årets film

Fart på den dansk-norske slavehandelen blei det først då kongen i København og mektige handelsmenn skaffa seg tropekoloniar i Karibia i 1672, 1718 og 1733. Øyane St. Thomas, St. Jan og St. Croix blei storprodusentar av råsukker, og for å få opp profitten måtte ein skaffe billeg arbeidskraft.

Løysinga blei slavar frå Gullkysten, ei handelsvare som blei langt meir verdt enn gull.

Eventyr

- Om lag ti prosent av det samla mannskapet som til ei kvar tid gjorde teneste på dei dansk-norske slaveforta langs Gullkysten var nordmenn, fortel Fredrik Hyrum Svensli, som er forskar på NTNU i Trondheim, og legg til:

– Nordmenn gjekk og i teneste hjå nederlandske handelskompani.

Arkivstudier viser at nordmennene var soldatar, handverkarar, apotekarar, sjømenn, prester - og guvernørar.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Mange var eventyrarar, men flest valde Gullkysten for det var eit betre alternativ enn tukthus eller straffarbeid i Norge.

Sodoma

Ein av nordmennene var prestesonen Søren Schielderup frå Skogn i Trøndelag.

«Her var et veritabelt Sodoma.» Slik skildrar Schielderup dei lausaktige tilhøva på det dansk-norske hovudfortet Christiansborg då han steig til topps på rangstigen i 1735. Han blei guvernør.

Brorparten av dei som var involverte i slavehandelen, var faktisk afrikanarar

– Fredrik Hyrum Svensli, historikar

Schielderup var så dyktig som slavehandlar at konkurrerande nederlendarar utlova dusør til dei som klarte å drepe nordmannen. Sjølv oppsummerte Schielderup omsetjinga slik etter at han fekk bygd eit nytt slavefort aust på Gullkysten:

«For hver 20 Slaver, ieg har faaet, troer jeg ikke, de hollandske og engelske har faaet 2»

Mellommenn

Slavene som blei kjøpt var som oftest «krigsbytte». Afrikanarar stod mot afrikanarar i innlandet. Taparane av krigane blei selt av vinnarane.

Ute ved Christiansborg stod afrikanske mellommenn klare til selje menn og kvinner til danske og norske oppkjøparar.

- Brorparten av dei som var involverte i slavehandelen, var faktisk afrikanarar. Dette er ei side av slavehandelen mange slaveetterkomarar har problem med å akseptere, seier Hyrum Svensli.

Brennmerkte

Fortprest Hans Christian Monrad har skildra handelen: «Slaver bringes, deels i et stort Antal, deels enkelte, til Forterne eller til de i Landet etablerede europæiske Kiøbmænd, for at sælges (...) Slaven maa gabe og vise sine Tænder; man lugter ham ind i Munden, beseer ham meget nøie i Øinene; han maa giøre allehaande Bevægelser med Arme og Been».

Dei som var i best stand blei brennmerka med CB for Christiansborg, og stua saman i kjellaren på fortet eller sendt ut på slaveskipa som låg for anker.

LES MEIR: «På tide å avskaffe slaveriet»

Slavesukker

NTNU-historikaren fortel at perioden 1777-1806 blei dei gylne dansk-norske handelsåra. 50.000 menn og kvinner blei frakta over havet frå dei dansk-norske forta til dei dansk-norske slaveøyane.

Totalt tømde Danmark-Norge Vest-Afrika for om lag 100.000 menneske. Mange tusen blei segla i lenker over havet på norske skip.

Returlasta til Norden var råsukker frå Karibia. Kløktige forretningsmenn i Danmark og Norge gjorde gode pengar på slavesukkeret.

Berre i Norge var det tre sukkerraffineri, Trondheim, Bergen og Fredrikshald. Frå raffineriet i Halden blei det eksportert sukker til Sverige.

Negerhandel

Som første stat forbaud Danmark-Norge den transatlantiske slavehandelen i 1792 - med den såkalla Forordning om Neger-Handelen.

Men kongen i København gav slavehandlarane ein overgangsperiode på ti år for å tilpasse seg forbodet:

«Vi, Christian den Syvende, af Guds Naade, Konge til Danmark og Norge etc., Gjøre alle vitterligt:

Med Begyndelsen af Aaret 1803 ville Vi, at al Negerhandel for Vore Undersaatter skal ophøre paa de Afrikanske Kyster, og ellers hvor den kunde finde Sted uden for Vore Besiddelser i Vestindien, saaledes, at efter dette Tidsrums Udløb ingen Neger eller Negerinde enten paa Kysten eller paa andre fremmede Steder maae ved eller for Vore Undersaatter indkiøbes, i Vore Undersaatters Skibe føres, eller til Vore Vestindiske Øer til Salg indføres, og at al mod dette Forbud stridende Handel skal efter denne Tid ansees som ulovlig.»

Sette fri

Likevel blei forbodet uthola. Forsøka på å erstatte slavehandelen på Gullkysten med plantasjedrift var fåfengte. Lenge var det meir pengar i slavar enn i kaffi.

Først i 1848 tok slaveriet slutt. Då kunngjorde guvernøren på dei danske slaveøyane i Karibia at slavane var frie.

På dette tidspunktet har Norge vore i union med Sverige i 34 år. To år seinare gav Danmark opp Gullkysten. Alle handelsforta i Guinea blei selde til England. Då hadde også fleire land forbode slaveriet.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter