Nyheter

Nonner bakar 100.000 nattverdsbrød

Jobbar skift for å bli ferdige til gigantnattverd.

Nonnene i St. Clare-klosteret i Langhorne i delstaten Pennsylvania har travle dagar. Innan sundag skal dei levere heile 100.000 oblatar, eller nattverdsbrød.

Samlar millionar

Pave Frans er på USA-besøk og sundag skal det vere ein gigantisk nattverd i Philadelphia. Den katolske kyrkja i USA reknar med at opp mot to millionar menneske vil finne vegen til utandørsgudstenesta i austkystbyen – og at rundt 500.000 vil gå til nattverd, melder avisa The Guardian.

LES OGSÅ: Paven omfavnes av Obama – mislikt av høyresiden

Doble skift

Ein femtedel av nattverdsbrøda kjem frå St. Clare-klosteret. For å klare leveransen har dei 13 nonnene arbeidd doble skift i oblatbakeriet.

– Vi er glade for å kunne levere brød, seier søster Jean Therese til avisa.

LES OGSÅ: Avviser å ha vært «myk» på Cuba

Rosar paven

Ho reiser sundag til Philadelphia for å vere med på gudstenesta som avsluttar USA-besøket til pave Frans.

– Han er ein omsorgsfull pave, seier søster Jean Therese, som gler seg storleg til å sjå og høyre Frans.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter