Nyheter

Nestleiar i KrFU melder seg ut av KrF

– Eg klarer ikkje å stå inne for det partiet mitt har gått med på, skriv Nikolai Skogan, første nestleiar i KrFU, på Facebook.

I ei kjensleladd Facebook-melding skriv Skogan at han vil takke partiet for mange morosame arrangement og minne, etter at han blei medlem i KrF for sju år sidan.

– Eg har brukt mykje tid på politisk arbeid og opplevd det som meiningsfullt. Etter sist landsstyre i KrF der eit fleirtal vel å gå inn i ei Høgre-Frp-dominert regjering, har eg ikkje noko anna val enn å gå ut, skriv Skogan.

Fram til desember 2018 var Skogan leiar i Troms KrFU, og så seint som i september blei han vald til første nestleiar i KrFU sentralt. No er det full stans.

– Eg klarer ikkje å stå inne for det partiet mitt har gått med på. Sist valkamp reiste eg i heile Troms fylke og kunne love at mitt parti ikkje ville gå inn i regjering med Frp. Det løftet blir no brote og eg kan ikkje vere med vidare, skriv Skogan.

Under KrF-landsmøtet i november var Skogan éin av KrFU-arane som valde å ikkje følgje fleirtalet i ungdomspartiet. Skogan er òg éin av fleire "raude" KrF-arar som har vore positiv til Drivkraft – det nye nettverket som skal ta vare på engasjementet Knut Arild Hareide skapte.

LES OGSÅ: KrF-veteranar melder seg ut i protest

Bekkevold med støtteerklæring

Fleire aktive i KrF og KrFU uttrykker sorg og støtte til Skogan i kommentarfeltet. Stortingspolitikar Geir Jørgen Bekkevold er éin av dei:

– Takk for jobben du har gjort! Eg er ganske sikker på at du og eg kjem til å møtast i same parti ein gong der framme!! skriv Bekkevold i kommentarfeltet.

Bekkevold var den einaste av stortingspolitikarane i KrF, i tillegg til Knut Arild Hareide, som stemte nei til regjeringsplattformen under landsstyremøte i førre veke.

Sommaren 2018 blei det bråk internt i KrF etter at Bekkevold, som familiepolitisk talsperson i partiet, vigde kommunikasjonssjef Mona Høvset og hennar sambuar.

LES OGSÅ: Mona Høvset snakkar ut 

Ingen kommentar

Simen Bondevik, fylkesleiar i nye Viken KrFU, kommenterer at han mistar eit stort forbilde og ein god venn i partiet.

– Det er veldig trist. Men eg forstår deg så frykteleg godt. Vi snakkast! skriv Bondevik.

Vårt Land har vore i kontakt med Skogan, og spurt mellom anna om han kan komme tilbake til KrF dersom partiet ikkje sit i regjering med Frp. Den tidlegare KrFU-nestleiaren ønskjer derimot ikkje å seie noko utover det han har skrive på Facebook.

LES OGSÅ: Derfor stemte raude KrF-arar ja

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter