Nyheter

Nektar militærteneste - fleire får innvilga fritak i år

225 har søkt om fritak for militærteneste av etisk, religiøs eller politisk overtyding hittil i år.

Fram til 2012 kunne ein få sivilteneste om ein nekta å utføre førstegongstenesta i Forsvaret, men for sju år sidan blei ordninga avvikla.

Men sjølv om berre rundt 15 prosent av kvart årskull brukar eit år i kongens klede, er det framleis vernepliktige som søkjer om fritak. Dei opplever at militær opplæring og teneste kjem i konflikt med deira overtyding.

Litt fleire i år

I perioden januar-oktober søkte 225 fritak, melder Forsvarets forum. 142 søknader blei innvilga - noko som er fem fleire enn for same periode i fjor.

I heile fjor fekk 162 positive svar på fritakssøknadane. Forsvarets forum skriv at talet på fritaksøknader har gått ned seinare år.

Alvorleg overtyding

På eiga heimeside opplyser Forsvaret at forsvarsloven opnar for at vernepliktige som kjem i konflikt med eiga alvorlege overtyding pasifisme kan bli friteken for militærteneste.

I forsvarsloven paragraf 35 heiter det at «Vernepliktige skal fritas for tjeneste i Forsvaret hvis det er grunn til å anta at de ikke kan gjøre tjeneste uten at det kommer i konflikt med deres alvorlige overbevisning og verdier som er av fundamental betydning for dem».

«Pasifistisk innstilling»

Forsvaret skriv at «overtydinga må vere fast og alvorleg. Ei alvorleg overtyding kan vere etisk, religiøst eller politisk fundert. Du må ha ei grunnleggjande pasifistisk innstilling».

Dei som får fritakssøknaden innvilga, kan bli innkalla til Sivilforsvaret.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter