Nyheter

Når blei Finland ein sjølvstendig nasjon?

Kva veit du om nabolandet Finland?

• Sundag 14. april er det val i Finland.

Landet er ein republikk.

Presidenten har reell makt når det gjeld utanrikspolitikken, EU-politikken og større militære avgjerder.

Riksdagen - eller Eduskunta på finsk - er landets øvste mynde i alle andre saker.

Riksdagen har 200 seter.

Sperregrensa ligg på tre prosent.

LES MEIR:

Finland har vel 5,5 millionar innbyggjarar, der drygt 1,1 million bur i og rundt hovudstaden Helsinki.

Finsk er eit finsk-ugrisk språk (andre land i same språkfamilie er Estland og Ungarn).

Innvandringa av dei finsk-ugriske folkegruppene frå dei baltiske områda fann stad i folkevandringstida, etter år 800.

Kring 1150 byrja Sverige å erobre land aust for Austersjøen, og fram til 1300-talet la Sverige under seg Finland.

Landet har ein stor svenskspråklig minoritet, rundt 300.000, difor er både finsk og svensk offisielle språk.

Finlands svenskspråklege kommunar ligg i vestre Finland og i sør, mellom Helsinki og Turku.

LES OGSÅ: Kristne i front i Finland i 100

I 1808, etter finskekrigen, hærtok Russland Finland, og gjorde det om til eit autonomt storfyrstedømme innanfor det russiske riket.

I 1917, i skuggen av den russiske revolusjonen, reiv Finland seg laus og blei ein sjølvstendig nasjon.

Etter ein blodig borgarkrig, der ein «raud» revolusjon blei slått ned våren 1918, med tysk hjelp, blei Finland ein republikk i 1919.

Etter vinterkrigen mot Sovjetunionen i 1939–1940 og framhaldskrigen 1941-1944, måtte Finland gje frå seg store område til Sovjetunionen.

• Etter verdskrigen blei Finland eit nøytralt land i ein gråsone mellom vest- og austmaktene.

I 1948 signerte Finland ein venskaps- og bistandsavtale med Sovjetunionen; denne var basis for finsk utanrikspolitikk frem til Sovjetunionens oppløysning i 1991.

LES OGSÅ: Spennende om vår ukjente nabo

Finland blei medlem av Nordisk Råd i 1955 og av FN i 1956.

Finland gjekk inn i EU i 1994 har euroen som valuta.

Skogindustri, teknologiproduksjon og metallindustri er viktigaste inntektskjelder, men er også kjent for mobiltelefonar, design og Mummitrolla.

Ti prosent av Finland er innsjøar og elver, skogsområde dekkjer nesten to tredelar av landet, berre seks prosent er dyrkbart.

Halti er høgaste fjell, 1324 meter over havet.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter