Nyheter

Meiner Den norske kyrkja ikkje prioriterer unge vaksne: – Me treng ei «25-årsbok»

Kyrja slit med å treffe dei mellom 18 og 30 år. Få ressursar og «liten relevans» er blant det som hindrar ungdom frå å kome, ifølgje ny rapport.

Over halvparten av norske ungdommar konfirmerer seg i kyrkja. Men kvifor mister kyrkja kontakt med dei når dei blir eldre?

Det spørsmålet har Den norske kyrkja (DNK) lurt på, og bede forskingsinstituttet Kifo om hjelp. Svaret er rapporten «Etter konfirmasjonen – exit eller transitt?», som blir lagt fram torsdag.

– Kyrkja møter konkurranse i for eksempel idretten, kulturen og utdanninga, om tida og tilhøyret til unge vaksne, forklarar Tore Witsø Rafoss, forskar ved Kifo.

Forsker ved Institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning ( KIFO), Tore Witsø Rafoss fotografert i lokalene til KIFO i forbindelse med nye tall.

Etterlyser inkludering av ungdommane lokalt

– Generelt vil eg påstå at det ikkje finst nokon prioritering overfor denne aldersgruppa i det heile tatt, nesten, seier Therese Egebakken frå Stavanger.

Ho er nyvald medlem i Kyrkjerådet, og er glad Den norske kyrkja har satsa på ungdomstibod i dei store byane dei siste åra. Likevel meiner ho det ikkje finst nokon innarbeida eller målretta innsats for å inkludere unge vaksne i dei lokale kyrkjelydane i dag.

– For meg er det prinsipielt viktig at det følest naturleg for truande eller dei nysgjerrige å finne sin plass i menigheten i nærmiljøet. Når ein skal vere folkekyrkje, skal ein vere det for alle medlemmane i heile landet, seier Egebakken.

LES OGSÅ: Ho er redd unge som drikk alkohol kan føle at dei ikkje er «kristne nok»

Derfor treffer ikkje DNK dei unge

Seinast i 2019 konkluderte Den norske kyrkja sin årsrapport med at det er ei utfordring å finne gode tiltak som trekker unge til kyrkja.

Då Kifo i denne nye studien spurde tilsette i kyrkja om deira grunnar til at unge ikkje går i kyrkja, var dette svara dei gav:

• Andre fritidsaktivitetar eller interesser (63 prosent).

• Kyrkja er ikkje relevant nok for unges liv (42 prosent).

• Mangel på tilbod for ungdom (33 prosent).

– Kyrkja og konfirmasjonen har fortsatt stor oppslutning i samfunnet. Men me ser ein viss tendens til sekularisering blant dei unge, fortel Tore Witsø Rafoss om bakteppet.

– Tala er ikkje dramatiske, men dei unge medlemmane i DNK er litt mindre religiøse og litt mindre aktive i kyrkja enn dei eldre, forklarar han.

Få ressursar er eit problem

Eit stort fleirtal av dei som jobbar i kyrkja meiner dei i «nokon grad», «liten grad» eller «ikkje i det heile tatt» har god nok tilgang på ressursar til eit bra arbeid overfor unge vaksne.

88 prosent i undersøkinga meiner DNK bør bruke fleire ressursar på ungdomsarbeidet. Hovudgrunnane dei tilsette i kyrkja oppgir til kvifor det er vanskeleg å få til er:

• Mangel på arbeidskraft.

• Ungdom møter ikkje opp, eller viser liten interesse.

• Vanskeleg å rekruttere frivillige.

LES ÒG: Presten Ingrid forelska seg i ein drapsmann. No er dei gift

Tar initiativ til 25-årsbok

– Den norske kyrkja burde hatt ei 25-årsbok, tilsvarande 4-årsboka. Då kunne ein gjort seg synleg for denne aldersgruppa, uavhengig av kva ressursar ein har i kyrkja til å bruke på denne gruppa elles, seier Therese Egebakken.

Ho ser for seg ei todelt bok: Ein del med «sundagsskulepensum» for vaksne, og ein del kor kyrkja tar stilling til viktige tema, som helvete, seksualitet og alkohol.

– Det finst mange konkurrentar for denne aldersgruppa, som idrett og kulturarenaar. Men her finst det eit rom for kyrkja, som kan appellere som ein kvilestad kor unge kan kome og finne ro, meiner Egebakken.

Finst også grunnar til å bli

Likevel er ikkje biletet bekmørkt. Desse er grunnar til at unge blir verande i DNK, ifølgje Kifo-rapporten:

• Venene er aktive

• Dei har gode relasjonar til dei som jobbar i kyrkja

• Fellesskapet

• Leiaransvar

– Ser ein på dette i eit folkekyrkje-perspektiv kan ein kanskje tenke at det ikkje er «så farleg» eller unaturleg at ungdommane forsvinn etter konfirmasjonen, fortel Rafoss ved Kifo.

– Dei har møtt kyrkjerommet, bibelforteljingane og trua, og har fått eit slags grunnlag kor det blir naturleg å gifte seg og døype ungane i kyrkja i framtida, legg han til, og konkluderer:

– Ungdommar er ei hard nøtt å knekke.

LES MEIR:

Rekordmange ungdommer blir døpt i Den norske kirke

Innfører «juniorprester» i Danmark

Dette er Bispemøtets dåpstekst som vakte sterke reaksjoner

---

Rapport: Unge i kyrkja

  • På oppdrag frå Den norske kyrkja har Kifo (Institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning) laga rapporten «Etter konfirmasjonen – exit eller transitt?».
  • Blir lansert torsdag morgon, og forskarane Netta Marie Rønningen, Ann Kristin Gresaker, Tore Witsø Rafoss og Olaf Aagedal står bak.
  • Rapporten inkluderer ei stor religionsundersøking, intervju av elleve unge vaksne og ein survey blant tilsette i Den norske kyrkja.

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter