Politikk

Med desse fem lovendringane skal barnevernet bli mjukare

Feltet er polarisert, utskjelt og menneskerettsdømt. No vil politikarane styrke barns rettar, og gjere eit konfliktfylt system mildare.

Neste år blir ein splitter ny barne­vernlov lagt fram for Stortinget. Men før den tid er det nokre ting som hastar. Derfor kjem regjeringa i dag med fem forslag til å endre dagens barnevernlov, og vil:

• Auke aldersgrensa i ettervernet for barnevernsbarn frå 23 til 25 år.

• Lovfeste at barnevernet kontaktar politiet når eit barn blir flytta til skjult adresse på grunn av trugslar.

• Krevje at barnevernstenest­ene rapporterer årleg om tilstanden sin til kommunen.

• Innføre «samtaleprosess» i fylkesnemndene.

• Opne for fleire enn ei nemnd i kvart fylke.

I mars blei det òg kjent at tilsette i barnevernet må ha mastergrad frå 2031.

Må bli mjukare i kantane

– Dette er eit felt med høgt konfliktnivå, og me gjer desse endringane for betre å førebygge at dei steilaste­ konfliktane oppstår. Ein får betre avgjerder med å invitere til samtale, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Vårt Land har drøfta dei nye forslaga med tre ekspertar på barnevern. Når dei ser punkta, er alle samde om at ein mildare profil er på gang.

– Forslaget om samtaleprosess er interessant. Det fortel om eit felt som treng å mjuknast opp, fordi ein møter ein nærmast rettsliknande instans i nemndene no, seier professor Solveig Botnen Eide ved Universitetet i Agder.

Ho trur endringane vil gjere det lettare å fokusere på kva desse sakene eigentleg handlar om; utsette menneske.

– I slike alvorlege saker er det behov for å mjuke opp polariseringa som kan oppstå mellom ein part og ein motpart i nemndene.

– Dette handlar om noko større enn å bevise skuld og uskuld, meiner ho.

Tryggleik for forfølgde barn

Nesten 300 barn og unge bur på skjult adresse i dag. Mange har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep. Dei lever i konstant frykt for å bli funne. Talet på slike saker aukar. Det eine lovforslaget vil dette til livs.

– Foreldre leitar etter ungane med falske profilar. Det er veldig viktig å sikre tryggleiken til desse barna. Å involvere politiet, som har ei litt anna tilnærming til tryggleik enn barnevernet, er lurt, seier Tor Slettebø ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo.

Professoren trur det òg vil gjere ungane tryggare i møte med barnevernet.

– Når ein kan garantere at dei ikkje blir avslørt, er det lettare å gi frå seg sensitiv informasjon, seier han.

Treng hjelp som vaksne

I arbeidet mot ny barnevernlov har mange­ etterlyst betre oppfølging av sårbare unge i overgangen til vaksenlivet.

– Denne gruppa har høg ­risiko for å hamne utanfor utdanning og arbeidsliv, seier barne­minister Ropstad om kvifor dei hastar dette punktet.

Barnevernsekspertane er sikre på at eit betre ettervern er ønskt. Men enkelte stiller spørsmål ved innhaldet.

Botnen Eide held fram at dei tilsette må få tid til å involvere seg i ungdommane sitt liv.

Og Øivin Christiansen ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge Vest, NORCE, meiner at rolla til fosterforeldra blir avgjerande.

– Samanliknar ein med støtta dei fleste andre får frå foreldra, får 37 prosent økonomisk hjelp heimanfrå. Det viktigaste er å halde på forholdet til viktige støttepersonar, seier han.

Barne- og familieministeren er overtydd om at dei fem forslaga blir godt mottatt.

– Dei har iallfall fått brei støtte i høyringa, og eg opplever at det er politisk vilje til å få dette til. Eg håpar dette går raskt igjennom. Då kan me forbetre og styrke barnevernet enno raskare, seier Ropstad.

LES MEIR:

– Kompetanseheving i barnevernet er nødvendig, sier barneministeren

Barnevernet slår alarm: Bekymret over forhold i barnevernet

Advokater til angrep på norsk praksis i barnevernssaker

Ropstad ber om hjelpere til barnevernet

---

Fakta:

  • Basert på ei utredning (NOU 2016:16): Ny barnevernslov – Sikring av barnets rett til omsorg og beskyttelse.
  • Denne har vore på høyring, og hundrevis av instansar var emd.
  • Den nye lova skal truleg leggjast fram for Stortinget i 2021.
  • Barne- og familieministeren trur det er brei politisk vilje for å få dette til – både endringane i den noverande lova og den nye som kjem.

---

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Mer fra: Politikk