11 minutt inn første ekstraomgong var salvadoranaren Mauricio Rodriguez rett mann på rett plass. Han avgjorde VM-kvalifiseringskampen mellom Honduras og El Salvador. Han skåra 3-2-målet. Sigeren utløyste ein krig, den 100 timar lange fotballkrigen frå 14. til 18. juli 1969.

50 år seinare held Rodriguez opp drakta han brukte i den særs historiske fotballkampen i Mexico by.

LES MEIR: Vandrer mot USA fra Honduras

Tre kampar

Sommaren 1969 stor mykje på spel for nabolanda Honduras og El Salvador. Berre eitt kunne bli det første mellomamerikanske i verdas viktigaste idrettsstemne, verdsmeisterskapen i fotball, i Mexico året etter.

8. juni blei første kamp spelt i Tegucigalpa, hovudstaden i Honduras. Honduras vann 1-0.Ei veke seinare møttes landslaga i San Salvador, hovudstaden i El Salvador. El Salvador vann 3-0.

– Me var lukkelege over tapet. Elles hadde me ikkje vore i live i dag, minnest den gamle landslagsspelaren Enrique Cardona i Los Angeles Times.

Etter kampen eksploderte San Salvador, og alt honduransk blei målskiver. Landslaget måtte fraktast til grensa i pansra bilar.

Fotballkrig

27. juni skulle alt avgjerast, på nøytral grunn, i Mexico by. Etter 90 minutt stod det 2-2, men 11 minutt inn i ekstraomgangane blei kampen avgjort. Av Mauricio Rodriguez.

Same dag braut El Salvador alle diplomatiske band med Honduras, og i vekene som kom, trappa Honduras opp heimsendinga av salvadoranarar.

Vel to veker seinare invaderte El Salvador Honduras med land- og luftstyrkar. Fotballkrigen var eit faktum.

Strid om land

Kimen til den 100 timar lange fotballkrigen finn me ikkje i fotballen, men i korleis Honduras handsama om lag 300.000 salvadoranarar som hadde innvandra til landet i tiåra fram mot 1969. For 50 år sidan utgjorde innvandrarane rundt 20 prosent av folketalet i Honduras.

Honduras er fem gonger større enn nabolandet, men folketalet i El Salvador var langt høgare, så over år valde salvadoranarar i hopetal å slå seg ned i Honduras, som småbønder, landarbeidarar eller som arbeidarar på fruktfabrikkar.

Jaga heim

I Honduras byrja særleg folk på bygda å klage over at salvadoranarane tok landet deira, jobbane deira; framtida deira. Særleg kravde honduranske småbønder omfattande landreformer. Men landets rike landeigande elite sa bestemt nei.

Men Honduras si regjering meinte landreformer var vegen å gå. Løysinga blei å ta land frå dei fattige, innvandra salvadoranske bøndene. Parallelt med landreformen byrja Honduras å jage salvadoranarar tilbake til heimlandet. Her hadde regjeringa eit svare strev med å ta i mot dei heimsendte - og El Salvadors landeigarar snakka høgt om ei militær løysing; ein invasjon for å straffe Honduras.

Med dette bakteppet skulle El Salvador og Honduras møtast til edel kappestrid med ei lærkule.

Før kampane haussa media i begge landa opp striden; skjellsorda sat laust. Tre dagar før kampen i Mexico by knytte parlamentet i El Salvador landstriden direkte til fotballen; det gjekk ut og sa at fiendskapen og valden som råka salvadoranarar i Honduras kom som eit resultat av dei siste fotballkampane.

LES MEIR: Flykter fra voldsinferno

Våpenkvila heldt

I byrjinga av fotballkrigen slo El Salvador ned all honduransk motstand, og stod etter to dagar ikkje langt frå Tegucigalpa. Medan salvadoranarane var best på bakken, var honduranarane herrar i lufta - og evna med det å stoppe frammarsjen.

Krigen tok slutt då Organisasjonen av amerikanske starar (OAS) forhandla fram ei våpenkvile 18. juli 1969.

– I siste instans handla krigen om tilgang på land, for mange menneske på for små område, styrande oligarki som saman med pressa pusta eld inn i striden, seier Dan Hagedorm til BBC, har har skrive boka Hundretimarskrigen.

Målskårar Mauricio Rodriguez er samd:

– Det var ikkje målet mitt som var årsak til krigen. Han hadde kome uansett, fortel han BBC.

Ikkje vener

Fiendskapen mellom dei to landa er ikkje lagt vekk. Då El Salvadors nyvalde president, Nayib Bukele, blei innsett i juni, var ikkje president Juan Orlando Hernandez i Honduras invitert.

– Han er ein diktator, seier Bukele.