Nyheter

Mange barnevernsbarn overlatt til seg sjølv

I to av tre tilsyn gjorde Nav og barnevernet lovbrot mot ­ungdommar som fikk ettervern. – Urovekkjande, konkluderer Helsetilsynet

«En dag – så står du der helt aleine».

Linja frå Trond Viggo Torgersens Tenke sjæl fårei ekstra ­tyding når ho peiker på funna i den ferske rapporten med same namn frå Helsetilsynet.

Han viser at mange ungdommar fell ned i ei grop mellom barnevernet og Nav når dei blir myndige. Då fylkesmennene i 2019 undersøkte om tilbodet om ettervern var godt nok, avdekte dei brot på lova i 22 av 33 tilfelle.

Dårlege undersøkingar: Høyrer ikkje på ungdommen

«For en del innebærer det at de får problemer med å fullføre skolegang, stå i arbeidsforhold, sikre seg en inntekt å leve av eller får psykiske­ problemer; noen vil slite­ med slike utfordringer resten av ­livet», seier Helsetilsynet om konsekvensane ved den mang­lande hjelpa rapporten viser.

Her er dei grovaste funna:

• Mange tenestar involverer ikkje dei unge sjølv.

• Mange av utredningane er ikkje grundige nok.

• Barnevernet og Nav sam­arbeider for dårleg.

• Nokre plassar set barnevernet vilkår som dei unge må oppfylle for å få ettervern.

• Nokre barnevernstenestar har som mål å unngå at dei unge må få støtte frå Nav.

• Nokre Nav-kontor bruker «ungdomssatsar» for økonomisk stønad, som er langt ­under dei statlege retningslinjene.

Helsetilsynet er tydeleg: «Vi har sett at de som skal utgjøre sikker­hetsnettet, svikter mange steder. (...) I fellesskap er det vårt ansvar å forberede og støtte unge slik at den dagen de står alene – ja, da står de!».

LES ÒG: Jane jobbar i ei utskjelt teneste. Likevel elskar ho jobben sin

Tung bagasje å bere åleine

Sandrina Sandell kan meir enn dei fleste om kva sårbare unge treng for å stå støtt i ein ny livsfase.­Erfaringane frå hennar eiga tid i barnevernet har blitt levevegen og tilbodet Løvetannakademiet. Der rustar dei unge til å meistre vaksenlivet. Sandell veit godt at bagasjen frå fortida kan vere tung å bere åleine.

– Då eg var 17, flytte eg ut frå fosterheim og sat i ei leilegheit åleine. Plutseleg, når du kjenner på einsemda, kjem alle dei tinga du har vore igjennom, tilbake.

– Det blir forventa at du berre­ skal «seie ifrå dersom det er noko», men du er framleis i ein alder kor det er høg terskel for å be om hjelp, seier Sandell.

Unge som har vore i barne­vernet har få tilgjengelege vaksne­ i livet:

– For folk flest er ikkje kontakten med omorgspersonane deira avgrensa til tidsrommet 08.00 til 16.00 – eller kjem med krav som gjer at du aldri blir ringt til viss du ikkje møter visse kriterium, seier Sandell.

– Akkurat som alle andre, treng desse ungdommane ulik oppfølging til ulike tider. Ein har andre spørsmål når ein er 21 enn når ein er 18. Ettervernet må tenkjast meir i eit livsperspektiv, seier ho.

Står utan støtte frå vaksne

I mange år har også forskarar slått alarm om ettervernet til barnevernsbarn. Førsteamanuensis Veronika Paulsen ved NTNU har følgt feltet­ lenge, og kallar funna i rapporten «veldig alvorlege». Men ho er ikkje overraska.

– I starten på vaksenlivet kan dei fleste veksle litt fram og til­bake – bu hos foreldra ein ­periode, bu vekke litt, og så kome tilbake. Mens i ettervernet må du bestemme deg brått: Vil du ha tiltak eller ikkje?

Paulsen peiker på det fastlagde opplegget ungdommane møter. Det gir ikkje mykje rom for fleksibilitet og personleg tilpassing, meiner ho.

– Då blir mange ståande åleine­. Det offentlege er desse unge si støtte og tryggleiksnett, fordi mange har ikkje andre vaksne relasjonar i nettverket sitt.

Men i ei tid kor ungdommane skal finne seg sjølv, takkar fleire nei til tilbodet om ettervern. Berre­ 20 prosent av dei som kunne hatt det, tar imot. Paulsen meiner ungdommane ikkje må miste retten til å kunne angre – og det må vere ungdommane som blir kontakta igjen, ikkje motsett.

– Ettervernet blir neglisjert som rett

– Du blir kalla «sårbar» når du er barn i barnevernet, men dagen du blir 18 blir du plutseleg gløymt. Opphøyrer behova dine frå ein dag til den neste, spør Sandell retorisk.

– Ettervernet har blitt neglisjert i barnevernlova. Ein har ikkje sett krav til kva det bør innehalde og kva minimum ein kan forvente. Då blir ein prisgitt kommunen ein bur i og kva fokus dei har på dette.

Sandell seier ungdommane må få verktøy og kunnskap til å stå på eigne bein – ikkje berre for å overleve, men for å leve.

– Det desse ungdommane treng, er å få tru på si eiga framtid. Men då må hjelpeapparatet lytte til dei, seier ho.

Dei med ettervern lukkest betre

NTNU-forskaren rosar Helsetilsynet for å vere tydelege i rapporten:

– Me kan ikkje sitje og sjå på at desse ungdommane får dårlegare vilkår inn i vaksenlivet, seier Veronika Paulsen.

Ho kallar forskjellane ­«ganske dramatiske» når ho ser korleis unge med barnevernserfaring klarar seg i vaksenlivet saman­likna med dei utan. Ho og ­kollegar har nettopp studert­ denne­ skilnaden, og trur ei styrk­ing av ettervernet vil hjelpe:

– Ettervern kan ha ei positiv ­effekt på lang sikt, med tanke­ på å fullføre vidaregåande skule­. Det reduserer òg risikoen­ for å kome på uførepensjon, og ­indirekte vil ettervern kunne påverke­ det å leve på sosialhjelp og arbeidsavklaringspengar, ­seier Paulsen.

LES MEIR:

Kampen som lukkast: Barnevernsbarn har kjempa for ettervern til dei er 25 år

Enorme forskjellar i tilboda til einslege mindreårige asylsøkarar

Nina mista sonen heilt uventa: – Når sånt skjer, følest det som om Gud ikkje finst

---

Fakta:

  • På oppdrag frå Statens helsetilsyn utførte fylkesmennene i 2019 tilsyn med ettervernet, og såg på samarbeidet mellom barnevernet og Nav. Dei undersøkte:
  • 1. Om barnevernet føre-budde, gjennomførte og avslutta ettervern på ei forsvarleg måte.
  • 2. Om Nav laga for forsvarlege kartleggingar og til­passa tenestar for unge som har hatt barnevernstiltak.
  • 3. Om Nav og barnevernet samarbeida på ei forsvarleg måte.
  • 4. Brukarmedverknad – korleis dei unge blei involvert i alle desse del-temaa.
  • Det blei gjennomført i alt 33 tilsyn. Barnevernet i 49 kommunar og 37 Nav-kontor blei undersøkt.
  • Det blei avdekt lovbrot i 22 av tilsyna – anten i den eine eller begge tenestane.
  • No har unge rett til etter-vern fram til dei er 23 år. I april la regjeringa fram eit forslag om å auke grensa til 25 år.

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter