Nyheter

Maksgrense på 10.000 kroner månaden rammar familiar

Stortinget vedtok i 2016 å innføre ei maksgrense på 10.000 kroner månaden for barnefamiliar. Grensa slår hardt ut.

Norsk Folkehjelp har på oppdrag for staten drive asylmottak i ei årrekkje. Leiar i samfunnspolitisk avdeling, Ingrid Sætre, ser ei utvikling ho ikkje likar:

– Politisk blir det no berre drege ei samanlikning når det kjem til standard: Kva er standarden i andre europeiske land? Når vi veit at land som Hellas og Italia brukar særs lite på dei som bur på mottak, blir det heilt feil.

– NOVA-undersøkinga strekkjer seg over perioden 1989-2017, kva er Folkehjelpas oppfatning når det kjem til kjøpekraft for familiar som bur på mottak?

– Vi ser ei klar forverring, særleg for familiar. Fordi fleire blir buande lenge på mottak, blir mange barn ramma av dårleg familieøkonomi, seier Sætre.

LES OGSÅ: Listhaug: Norge skal ikke være «attraktivt»

Grense

Særleg ille er maksgrensa som blei innført via statsbudsjettet for 2017, påpeikar ho. I veka før jul sendte Utlendingsdirektoratet (UDI) ut justerte satsar for 2018. Her blir det presisert at «For store familier skal samlet utbetaling etter dette reglementet ikke overstige kr. 10 180,- pr. måned. Dette omfatter også voksne barn som har felles husholdning med sine foreldre».

– På våre mottak er familiar på seks vanleg. Det betyr at mor, far og fire barn får 56 kroner dagen kvar til mat, klede, toalettartiklar og andre leveutgifter.

Utgifter

– Er det nok?

– Absolutt ikkje. Går eit eller fleire av barna på skule, dukkar det alltid opp utgifter til turar, arrangement eller bursdagsgåver, dette er utgifter få familiar kan dekkje med dagens makssats, seier Setre, og dreg fram at på mottaka bur det også familiar med fem, seks, sju og åtte barn.

LES OGSÅ: Forverra barnefattigdom på mottak

Kroner

– Kva må desse familiane gjere?

– Dei endar opp med å snu på absolutt kvar krone, dei må tråle butikkar etter dei billegaste matvarene, dei må setje si lit til at nokon gjev brukte klede til mottaket.

– Kva nivå bør satsane liggje på?

– Dei bør vere slik at integrering i det norske samfunnet startar på mottaket. I dag blir barnefamiliar på mottak plasserte aller nedst på den økonomiske rangstigen, seier Sætre.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter