Nyheter

Lov skal tvinge fram kunnskap om korleis varer er produserte

Forbrukarminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) får torsdag ein utvalsrapport som ber han lage ein ny lov som pålegg næringslivet å opplyse korleis varer er produserte.

Lyst på ny dongeribukse?

Bryr du deg då om korleis den nye blå buksa blir til, altså om arbeidskåra til alle som er involverte i prosessen frå bomullsmarka til butikkhylla?

Det bør du, meiner etikkinformasjonsutvalet som i dag leverer sin rapport til forbrukarministeren.

LES MEIR: Oppfordrer til etisk bevisstgjøring

Nordmenn eig i snitt 80 kilo klede

Nordmenns klesskåp er sprengfulle. Me eig i snitt 80 kilo klede kvar. Framtiden i våre hender (FIVH) har analysert tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og funne ut at Kina, Bangladesh, Tyrkia, Malaysia, India, Pakistan, Vietnam, Kambodsja, Thailand og Indonesia er dei landa som eksporterer mest klede til Norge. Dei produserte samla kring 60.000 tonn klede til den norske marknaden i 2017 - eller 78 prosent av klesimporten.

FIVHs dom er tydeleg: Alle dei ti landa kjem dårleg ut på International Trade Union Confederations Global Rights Index – faglege rettar blir brotne meir eller mindre systematisk.

Forbrukaren skal gjere etiske val

Dette vil forbrukarministeren påverke:

– Får me på plass etikkinformasjonsloven, får me ei systematisk rapportering som sikrar forbrukaren retten til kunnskap om varene, seier Kjell Ingolf Ropstad, som har forbrukarsaker i statsrådsporteføljen.

Med seg på kontoret har han utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF). Han arbeider med ei anna side av internasjonal vareproduksjon, og følgjer opp eit punkt i den politiske plattforma til regjeringa: «Trappe opp innsatsen mot moderne slaveri og samle han i eit eige bistandsprogram.»

Forbrukarminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og utviklingsminister Dag Inge ­Ulstein (KrF) helsar lov om etikkinformasjon velkomen. Foto: Erlend Berge

Medan dei ventar på rapporten frå etikkinformasjonsutvalet, seier Ulstein og Ropstad seg samde: Informasjonsplikt hjelper forbrukarane med å ta gode, etiske val og påverke næringslivet til auka ansvar for menneskerettar og arbeidstilhøve.

Har dei fattige tekstilarbeidarane rett til å organisere seg

Tilbake til dongeribuksa.

Vil du vite kvar bomulla blei plukka i Kina, får arbeidarane høveleg løn? Kva med farginga av bomullstrådane i Sør-Korea, er denne helsefarleg? Kven syr buksa i Malaysia, med knappar og glidelås frå Vietnam, er det snakk om utbytting? Kva med sluttmonteringa i Bangladesh, har dei fattige tekstilarbeidarane rett til å organisere seg?

No er det opp til produsentane av forbruksvarer å opplyse om kvar dei er produserte og av kven, og under kva slags tilhøve. Dermed kan menneskehandel, barnearbeid, migrantarbeid, tvangsarbeid, dårlege løner, utmattande arbeidstid og manglande organisasjonsfridom gøymast i produksjonskjeda.

Slik kan det ikkje halde fram, ikkje i Norge, meiner utvalet, som har utgreidd ein splitter ny lov: Lov om etikkinformasjon.

Stortinget vedtok utgreiing i 2016

Ropstad er glad for forslaget han får i handa av utvalsleiar Ola Mestad, for KrF har vore pådrivar for eit strammare regelverk. I 2016 fatta Stortinget eit såkalla oppmodingsvedtak: «Stortinget ber regjeringen utrede og vurdere å fremme forslag til lov om åpenhet om produksjonssteder og etikkinformasjon om vareproduksjon til forbrukere og organisasjoner.»

Då sat ikkje KrF i regjering.

Næringslivet støttar lov

Utvalet foreslår i rapporten at alle verksemder skal bli pålagde kunnskapsplikt, som kan variere ut frå storleik og aktivitet.

– Mange verksemder tek i dag eit stort samfunnsansvar, men med ein lov skal du få rett til å vite, seier Ropstad.

Han er glad for særleg ei sak der medlemmene i utvalet er samde:

– Det at både NHO, som er representerer næringslivet, og LO støttar forslaget om lov, styrkar arbeidet med å få på plass denne loven.

FILE - In this April 10, 2004 file photo, a man enters a tunnel dug with shovels in the Shinkolobwe cobalt mine, 35km (22 miles) from the town of Likasi in the Democratic Republic of Congo. U.N. Security Council Resolution 1540 of 2004 obligates governments to give a full accounting of their nuclear materials, but as U.S. President Barack Obama hosts a summit on nuclear security April 12-13 in Washington, many states have fallen short of the reporting deadline, including Congo, the source of the uranium for the first atomic bomb. (AP Photo/Schalk van Zuydam, File)
Denne mannen er på veg ned i ei gruve utanfor byen Likasi i Kongo for å hente ut kobolt, som finst i mange mobiltelefonbatteri og anna.

Fremje respekt for grunnleggjande menneskerettar

Etikkinformasjonsutvalet seier at formålet med loven er dobbelt.

For det første: Han skal gje forbrukarar, fagforeiningar og organisasjonar rett til informasjon om korleis produsentar etterlever grunnleggjande menneskerettar og sikrar gode arbeidstilhøve.

For det andre: Ved å stille krav om kunnskap og informasjon, vil ein fremje respekt for grunnleggjande menneskerettar og sømeleg arbeid i verksemder – og leverandørkjeder.

LES MEIR: – Faget gir etiske nøkler

Usynlege i dagens leverandørkjeder

Her kjem utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) inn. Han meiner den nye loven vil vere eit verktøy i arbeidet med å betre arbeidstilhøva for dei som er knytt til globale leverandørkjeder.

– Det er mange selskap som gjer veldig mykje, men frivillig innsats er ikkje nok.

Ulstein seier mange er usynlege i dagens leverandørkjeder:

– Det er kastelause i tekstilindustrien i Nepal. Det er sårbare ungdommar i koboltgruvene i Kongo.

Utviklingsministeren peikar på at det er mange sårbare menneske i dagens globale vareproduksjon.

– Me har dei som døyr i kjølekontainarar i Storbritannia, dei som blir utnytta i fiskeindustrien i Nord-Norge og dei som blir utbytta på tomatplantasjar i Italia.

– Når kan du sende eit lovforslag til Stortinget, Ropstad?

– Truleg våren 2021.

Får ikkje løn å leve av

Apropos dongeribuksa igjen.

Ein fersk rapport avdekkjer at  av 20 undersøkte store klesaktørar, er det  ingen  som sikrar ei leveløn for dei asiatiske tekstilarbeidarane som syr klede for dei. Tailored Wages 2019 er laga av Clean Clothes Campaign.

---

Etikk

  • Granavolden-erklæringa, den politiske plattforma til regjeringa, har to punkt om etisk vareproduksjon:
  • «Greie ut ein antislaverilov etter modell frå Storbritannia», denne har næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) ansvaret for.
  • «Trappe opp innsatsen mot moderne slaveri og samle han i eit eige bistandsprogram», dette har utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) ansvaret for.
  • I tillegg skal forbrukarminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) få på plass ein etikkinformasjonslov.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter