Nyheter

Livsfarleg å vere aktivist - 321 myrda

Brasils nye president vil hogge meir regnskog. Aktivistar som kjempar for landrettar og urfolk blir drepne. Norge gjev Brasil rause bidrag for å verne regnskog.

Bilde 1 av 3

Nazildo dos Santos Brito blei skoten og drepen 15. april i fjor. Han var ute og kjørte motorsykkel i delstaten Para, nord i Brasil. Politiet slo fast at det var snakk om ei likvidering.

33-åringen hadde bede politiet om vern, for han mottok truslar. Mannen leia ei gruppe småbønder som kjempar mot palmeoljekonsernet som et seg innover i regnskogen i Amazonas.

– Alt tyder på at det var ei avretting. Han var ein «merkt mann», fortalde Ruben Siqueira til Reuters. Han er medlem av ein landkommisjon som er skipa av den katolske kyrkja for å støtte fattige bønder i området.

LES MEIR: Elvestuen rosar urfolk som regnskog-garantistar

23 i Brasil

Nazildo dos Santos Brito blei eit nummer i rekkja av drepne aktivistar. I fjor måtte heile 321 bøte med livet. Dei sto i vegen for mektige krefter.

23 av dei var frå Brasil. I vekene før Brito blei myrda, blei to andre aktivistar i delstaten Para drepne.

– Drapsmennene er som oftast paramilitære styrkar som representerer økonomisk sterke næringsinteresser, skogbruk, landbruk, mineralutvinning, forklarar Åsa Paaske Gulbrandsen, dagleg leiar i Latin-Amerikagruppene i Norge (LAG).

Stort nettverk

Saman med eit nettverk av nasjonale og internasjonale organisasjonar følgjer vaktbikkja Front Line Defenders arbeidskåra til aktivistar verda over. Den anerkjende irske organisasjonen har levert 2018-rapporten. Han fortel om ei dyster utvikling:

Drapstala held fram med å auke - opp til 321 frå 312 i 2017.

Aktivistar som arbeider med landspørsmål, urfolksrettar og miljøsaker er mest utsette; tre av fire drepne aktivistar i fjor arbeidde med desse spørsmåla – i 2017 var talet 67 prosent.

Nasjonale styresmakter stemplar ofte aktivistar, kallar dei «terroristar», «forrædarar» og «kriminelle» og seier dei står for «anti-utvikling» og «anti-nasjonen».

Eller som Brasils ferske president Jair Bolsonaro sa det i eit TV-intervju:

– Urfolk bur framleis i reservat, som om dei var dyr i zoologisk hage. Dette er område med enorme rikdomar, som er blitt gjeve urfolk etter press frå utlandet.

I morgon har Bolsonaro vore president i 100 dagar.

Rasisme i statsapparatet

I valkampen i fjor haust truga eks-offiseren, som hyllar landets tidlegare militærjunta, med å trekkje Brasil frå Parisavtalen, men har ikkje gjort alvor av trusselen. Men han lovar å opne for meir landbruk og gruvedrift i Amazonas, samt å byggje motorveg gjennom verdas største regnskogområde.

Politikken haustar protestar frå miljøvernarar. Fremst blant dei som kjempar for landrettar, urfolks rettar og miljøvern, står aktivistane.

LAG-leiar Gulbrandsen fryktar at med Bolsonaro i presidentstolen vil Brasils aktivistar gå tøffare tider i møte.

– Me ser at han styrkar politiet ved å militarisere det, og han viser vilje til å bruke det mot folket.

Ho fryktar særleg at Bolsonaros uttrykte rasisme skal få feste seg i statsapparatet, og at styresmaktene dermed blir stadig meir fiendtleg innstilt til dei som står opp og forsvarar særleg landrettar og menneskerettar.

Gulbrandsen meiner Norge som stor bistandsgjevar – og store norske selskap som opererer i Brasil – har eit særskilt ansvar for å tale saka til aktivistar.

LES MEIR: Populistvenner med kristenstøtte

Høgg meir

Ingen land får meir bistand frå Norge enn Brasil (sjå eiga sak). I fjor fekk det søramerikanske mellominntektslandet heile 686 millionar kroner.

Norge har til no betalt ut 8,3 milliardar kroner til Amazonasfondet over ein tiårsperiode der avskoginga har gått ned, melder Klima- og miljødepartementet. Men dei siste åra har trenden snudd, nedhogginga av regnskog aukar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter