Legar kan få rett til å gå bak ryggen

Arveleg sjukdom er i dag ei privatsak. Pasientar kan nekte å informere pårørande. Stortinget skal avgjere om legar får kontakte familien.

I dag seier helselovverket at dersom pasienten er det ein kallar samtykkjekompetent og ikkje vil samtykkje til at familien skal få kjennskap til alvorleg sjukdom, kan helsepersonell ikkje overprøve pasienten og informere slektningane.
Publisert Sist oppdatert

– Vi møter pasientar som nektar å informere slektningar om at lir av ein arveleg sjukdom. Det er synd for då kan det hende at dei blir gåande uvitande om at dei har ein sjukdom som kan førebyggjast.

Trond P. Leren, spesialist i medisinsk genetikk, har eit sterkt ønskje til lovgjevarane på Stortinget: Endre lova slik at legar kan få rett til sjølv å oppsøkje pårørande og informere om arveleg sjukdom i familien. Om pasientar nektar å dele slike helseopplysningar.

– Vi ønskjer å få informere slik at vi kan få starta med viktige førebyggjande behandlingar, seier Leren, som leiar Enhet for hjertegenetikk ved Oslo universitetssykehus (OUS).

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP