Kyrkjer opnar asylkorridor

Fleire kyrkjesamfunn går saman med franske styresmakter om å halde flyktningar unna kyniske menneskesmuglarar. 500 får trygge reiser frå Libanon til Frankrike.

Syriske barn leikar i flyktningleiren som ligg utanfor byen Al-Mari i Libanon. Rundt 1,5 millionar syriske flyktningar har søkt vern i nabolandet Libanon. No får eit hundretal av desse trygge reiser til Frankrike.
Publisert Sist oppdatert

Mange av dei vel 100.000 som søkte asyl i Frankrike i fjor, ­hadde betalt store summar for å bli frakta frå land som Syria, Irak og Afghanistan til Europa – og risikert livet.

For å hindre at folk døyr på reisa, har franske kyrkjesamfunn, saman med nasjonale hjelpeorganisasjonar og franske styresmakter forhandla fram ein avtale om at det skal opprettast ein «humanitær korridor» som skal vere i drift ut året. Ein gong i månaden går det ei flylast flyktningar frå Beirut til Paris.

Frivillige. Avtalen sikrar 500 sårbare syriske og ­irakiske flyktningar, som i dag bur i ­Libanon, trygge reiser til Frankrike. Alle får reisedokument og mellombels visum, og vel ­framme blir dei innkvarterte hjå frivillige husvertar som har meldt seg til akkurat dette prosjektet.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP