Nyheter

Kyrkja ber regjeringa ta ei leiarrolle i kampen mot drapsrobotar

Norge bør ta ei leiarrolle i kampen mot autonome våpen, og regjeringa må seie nei til å utvikle eller produsere slike våpen i Norge. Krava kjem frå Den norske kyrkja.

– Kampen mot autonome våpen er eit viktig tema, han er ei vidareføring av kyrkjas kamp mot atomvåpen, seier Berit Hagen Agøy til Vårt Land. Ho er generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd (MKR).

Til no har militære våpen som er blitt brukt i konfliktar eller krigar, vore styrt av menneske. Men i mange land blir det brukt store ressursar på å utvikle såkalla autonome våpen - og med den raske utviklinga av kunstig intelligens, har arbeidet skote fart.

Eit autonomt våpen er eit våpen som forstår omgjevnadane og samanhengen det opererer i, og kan ta eigne val om å skyte mot menneske. Eit autonomt våpen kan fly eller følgje landjorda, det kan vere eit fly, eit helikopter eller vere beltedrive

I 2016 melde Washington Post at Aserbajdsjans regjeringshær hadde brukt den israelske minidrona Harop mot armenske soldatar i striden om enklaven Nagorno-Karabakh. Drona, som er lasta med sprengstoff, kan bli styrt av menneske eller finne målet sjølv.

Mange kallar dei «lethal autonomous weapons»; dødelege, sjølvstyrde våpen.

Andre brukar termen drapsrobotar.

Krev forbod, ber Norge gå i front

Mellom dei er Den norske kyrkja. I ei fersk fråsegn frå Mellomkyrkjeleg råd – Kyrkjas utanriksdepartement – ber rådet regjeringa om å ta ei leiarrolle internasjonalt «for å jobbe frem et preventivt forbud mot autonome våpen».

For, seier MKR, og siterer ei fråsegn frå Verdskyrkjerådet: «Krigføring med roboter er en krenkelse av menneskelig verdighet og av livets hellighet.» Rådet skriv vidare at «den teknologiske utviklingen ført oss nærmere en virkelighet hvor autonome våpen, også kalt drapsroboter, tar den siste avgjørelsen om å angripe et militært mål».

Gjev frå seg styringa av våpen

Særleg seks land brukar store ressursar på utvikle autonome våpen, USA, Storbritannia, Russland, Israel, Sør-Korea og Kina, skriv Time. Særleg USA og Kina knivar om å liggje lengst framme.

Om dei nye våpna som kjem frå desse nasjonale våpensmiene, skriv MKR: «Vi snakker om en helt ny type våpen, som stiller oss overfor etiske utfordringer av en ny karakter. I bunn og grunn handler dette om vi er villige til å overlate beslutninger om liv og død fra menneskers hender til maskiner» - og heiter det vidare: «Men ved å overlate valget om å angripe til en maskin, gir man fra seg muligheten for å gjøre strategiske og etiske vurderinger som bare et menneske kan gjøre. I en krigføring med autonome våpen eksisterer ikke muligheten for tilbakekalling.

Kven er ansvarleg? menneske eller maskin

Mellomkyrkjeleg råd spør kven som skal haldast ansvarleg, når autonome våpen har skada og drepe, for eit våpen kan ikkje ta ansvar eller bli straffa. Og når avgjerda om å drepe ikkje er fatta direkte av menneske, blir det vanskeleg å halde menneske ansvarlege.

Det igjen påverkar sjansane til å få til forsoning etter krig, for skriv rådet, «hvordan forsones man med en robot?»

Difor meiner MKR at det er berre ein farbar veg: Internasjonalt forbod mot utvikling, produksjon og bruk av autonome våpen.

MF-rektor støttar opprop

Oppmodinga frå Den norske kyrkja ved Mellomkyrkjeleg råd følgjer også opp eit norsk opprop som blei initiert i fjor. Då gjekk ei stor gruppe akademikarar, mellom dei forskarar på kunstig intelligens, ut og kravde at regjeringa engasjerer seg i kampen for å forby autonome våpensystem, såkalla drapsrobotar.

Til no har 760 signert oppropet som seier at «beslutningen om å ta et menneskeliv aldri skal overlates til en maskin».

Mellom dei er Vidar L. Haanes, rektor på MF vitenskapelige høgskole, og fleire MF-kollegaer.

FN fordømmer autonome våpen

Den norske kyrkja har FN i ryggen når dei går ut og krev forbod. FNs generalsekretær António Guterres fordømmer våpensystema i kraftige ordelag:

– For meg er meldinga klar - maskiner med makt og eige skjønn til å ta menneskeliv er politisk uakseptabelt, moralsk forkasteleg og bør bli forbode gjennom internasjonal lov, sa han på ein teknologikonferanse i 2018.

Den internasjonale kampanjen Campaign to Ban Killer Robots gjennomførte i fjor haust ei meiningsmåling i ti europeiske land. Ho viser at sju av ti støttar eit forbod mot autonome våpen.

Motstanden er størst i Nederland; åtte av ti mot - og minst i Finland; seks av ti mot. I Norge krev 72 prosent av dei spurde eit forbod.

Etikkråd åtvara selskap dei investerer i

I 2016 gjekk Oljefondets etikkråd ut og åtvara selskap som fondet investerer i, mot å utvikle drapsrobotar. Fondet har frå før ikkje lov å investere i selskap som produserer landminer eller atomvåpen.

– Dersom de tenkjer på å utvikle teknologi for å kjempe ned kreft, er det fint. Men dersom de brukar han til å søkje etter ein bestemt type individ i eit bestemt miljø, og samarbeider med andre for å lage sjølvstendige våpen, de ikkje bli overraska om me ser nærmare etter, sa etikkrådsleiar Johan H. Andresen til nyhendebyrået Reuters.

Norge i førarsetet

Generalsekretær Hagen Agøy i Mellomkyrkjeleg råd har tru på at Norge kan ta ei leiande rolle i kampen mot drapsrobotar:

– Norge har tidlegare hatt ei slik rolle i den internasjonale kampen mot kjemiske våpen og mot landminer. I den siste sat Norge i førarsete.

LES MEIR OM NYE VÅPEN

---

Våpensystem

  • Autonome våpensystem er våpen som basert på kunstig intelligens.
  • Dei finn sjølv målet, styrer seg sjølve og går til åtak.
  • Ikkje noko system er bydd fram som eit fullverdig autonomt våpen, men utviklinga har kome langt.
  • Særleg seks land driv utprøving: USA, Storbritannia, Russland, Israel, Sør-Korea og Kina
  • FN ønskjer eit internasjonalt forbod mot autonome våpen, eller såkalla drapsrobotar.
  • 30 land har vedteke forbod, få av dei er europeiske.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter