Kvotert til Norge - lever på sosialhjelp

Norge har teke i mot 33.000 kvoteflyktningar frå 126 land sidan dei første kom på 1970-talet. No hentar vi 1.000 nye frå Kongo. Fleire kvoteflyktningar endar opp med å leve på sosialhjelp.

Utlendingsdirektoratet skal plukke ut 1.000 kongolesarar som har flykta til nabolandet Uganda. Eitt uttak er gjort, to ventar. Her frå eit tidlegare uttak av kongolesarar i Uganda.
Publisert Sist oppdatert

Frå flyktningleirar i Uganda skal Norge no skal plukke ut 1.000 kongolesiske kvoteflyktningar som skal få kome hit til landet og bli busette i kommunar. Torsdag arrangerte Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) eit fagmøte om kongolesiske kvoteflyktningar for kommunar som skal busetje i år.

– Vi har gjort eitt uttak i Uganda, og har to att, opplyste seniorrådgjevar Steven Omdal i Utlendingsdirektoratet (UDI). Dei som blir plukka ut har vore flyktningar i Uganda i mange år.

Resten av årets totalkvote på 2.120 plasser er 700 syrarar frå leirar i Libanon, 300 flyktningar som oppheld seg i Libya og 120 opne plassar.

Powered by Labrador CMS