Rundt 1.500 barn budde på eit krisesenter i fjor. Talet har vore stabilt dei siste åra. Ein fjerdedel av dei 1.500 hadde allereie hatt eitt eller fleire opphald på krisesenter tidlegare i livet. No har forskar Sabreen Selvik undersøkt korleis krisesenterbarn har det på skulen.

Skulebyte

Eit av dei er «Nina», som via Selvik fortel om kva skuletilbod ho får: «11 år gamle «Nina» og mammaen hennes har i løpet av de siste tre årene flyktet til krisesenter hele sju ganger. Det er fordi pappa klarer å finne dem hver gang de flytter til et nytt sted. Under tre av oppholdene på krisesenter får Nina gå på skole – en ny skole i en ny by hver gang. Bare på én av skolene snakker kontaktlæreren med henne om at hun bor på krisesenter. Nina er glad for denne samtalen om situasjonen sin.»

Sjølv seier jenta: «Jeg fikk liksom sluppet ut følelsene jeg hadde. Ja … (…) Den steinen jeg hadde i magen.»

LES MEIR Direktorat stadfestar forskingsfunn

Kontakt

Sabreen Selvik, som arbeider forskar i Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress, har intervjua 20 barn med mange og lange opphald på krisesenter. Ho har møtt barn som har ein oppvekst på flukt mellom heim og krisesenter eller mellom krisesenter; som oftast på flukt frå ein valdeleg far eller stefar.

Selviks hovudfunn er at dei mange oppbrota frå heimen går ut over skulegangen til barna - og at få lærarar snakkar med barna som kjem til skulen frå krisesenter.

I Norge finst det 47 krisesenter fordelt over heile landet.

Råd

– Lærarar som får vite at eit av barna i klassen bur på krisesenter, må snakke med barnet om dette, seier forskaren på nkvts.no, og utdjupar:

– Mitt råd er at kontaktlæraren alltid tek ein prat med eleven når dei får vite at han eller ho bur på krisesenter.

Selvik understrekar at barn på krisesenter må få oppleve at læraren kjenner deira situasjon.

Einsame

Å flytte til eit krisesenter er ei svær sårbar oppleving for barn. Selvik forklarar at det kan bety at all kontakt med nettverket rundt ein blir kutta; vener, den gamle skulen, fritidsaktivitetar og kanskje også til besteforeldre og andre nære slektningar, som kunne ha vore ei støtte for barnet.

Difor er det viktig at den nye skulen barnet kjem til, evnar å ta vare på eleven. Men Selviks forsking viser at ein del barn faktisk blir gåande heilt utan skuletilbod i kortare eller lengre periodar medan dei bur på eit krisesenter.

Resultatet er mangel på sosial kontakt med vener, medelevar og lærarar og kunnskapshol i utdanning, noko som er svært uheldig, meiner Selvik. For det kan gje høgare risiko for skulesvikt og fråfall.

Tal frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) for i fjor viser at i snitt budde vaksne med barn under 18 år 33 døgn på krisesenter, mot 25 døgn blant dei som ikkje hadde med seg barn. 31 prosent av barna var 6-10 år, medan 23 prosent var eldre enn 10 år. Snittalderen var 7 år.

LES MEIR: – Familievold er en privatsak

Framtidsfrykt

Barn med fleire opphald på krisesenter strevar på fleire område, fortel Selvik:

Konsentrasjonsvanskar utløyst av tankar om hemmeleghald, tryggleik, framtidsfrykt, og flashbacks av valden dei har opplevd.

Blir overletne til seg sjølve for å handtere problema på skulen.

Her kjem samtalane med lærarane inn:

– Kvar samtale barnet har med ein trygg person kan hjelpe til med bearbeide dei vonde opplevingane, meiner NKVTS-forskaren.

Sabreen Selviks forsking er banebrytande. Det er ikkje gjort ein tilsvarande studie av denne gruppa barn korkje i Norge eller internasjonalt, melder Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress.