Nyheter

KrF-Ropstad utskjelt etter pengebøn

Medan støttekronene dryssar over Høgre, Frp og Venstre, får ikkje KrF ei krone frå ­privatpersonar og firma. Då Kjell Ingolf Ropstad ba om pengar, svarte folk med massiv kjeft.

Om dryge tre månader er det kommune- og fylkestingsval. For å gjennomføre gode og målretta valkampar, treng partia pengestøtte frå politiske støttespelarar. Parti og partiledd kan få ­gåver og støtte frå privatpersonar, ­bedrifter og organisasjonar, men pliktar å rapportere gåver over 10.000 kroner.

Til no i år tre av dei fire ­regjeringspartia fått inn raust med pengegåver. Høgre har fått alt frå 15.000 til 950.000 kroner frå glade gjevarar som vil sikre partiet makt i by og bygd, melder Nettavisen.

Rause gåver

Eigedomsmilliar­dæren Christian Ringnes gjev Oslo Høgre 950.000 kroner via selskapet Eiendomsspar, og tidlegare Bergens-ordførar Herman Friele gjev Vestland Høgre 250.000 kroner medan den Monaco-busette investoren Arne Fredly har sendt 100.000 kroner til Høgre sentralt.

Orkla-eigar og milliardær Stein Erik Hagen har bladd opp 1.000.000 kroner til fylkeslaget Viken Venstre og Framstegs­partiet har fått totalt 250.000 kroner frå to bedrifter og ein privat­person.

KrF har korkje rike onklar ­eller gåvmilde veljarar, viser valkampbidragsregisteret på Partifinansiering.no.

Ber om støtte

Mangelen på økonomiske støttespelarar har sendt KrF-leiar Kjell Ingolf ­Ropstad ut i sosiale medier. På eiga Facebook-side ber han om milde gåver:

«Klar for å bli med å støtte KrF? Arbeiderpartiet får mange millioner fra LO. Dersom du vil støtte oss, kan du gi en gave på Vipps (...). Vi er takknemlige for hver krone!»

Responsen kom raskt – i form av kjeft og utskjelling:

«Har dere faktisk mage til å tigge etter penger samme dag som dere fratok hele livsgrunnlaget til mangfoldige tusen syke mennesker? Jeg mener, hvem gjør det?! Fordi dere stemte imot en reversering må jeg sannsynligvis velge mellom mat eller medisiner fra høsten av. Synes dere det er slik det skal være her i gode, trygge Norge?», skriv ei på Ropstads Facebook-vegg.

KrF snudde

Kvinna siktar til stortingsvedtak sist veke. Då gjekk KrF saman med dei tre ­andre regjeringspartia – som venta var – og stemte ned forslag frå SV og Arbeidarpartiet om å reversere innstrammingane­ i ordninga med arbeidsavklaringspengar, forkorta aap.

Innstrammingane har blant anna ført til at over 17.000 personar ifølgje Nav har mista stønaden, melder NTB. Mange blir skuva over på sosialhjelp, men for å få slik hjelp, må ein først kvitte seg med eigelutar som hus og bil.

«Ut i fattigdom»

Difor får Ropstad mange harde meldingar i retur etter pengebøna:

«Støtte KrF ? Nei takk. Dere har blitt en garantist for H og FrP's kalde og kyniske politikk. Pinlig på stortinget i dag, ­angående folk som har mistet arbeidsavklaringspengene sine.»

«Dette var nærmest pinlig. Her velger dere svikte mange tusen mennesker i Aap-saken og kaster dem ut i fattigdom mens dere selv tigger almisser.»

«Sitter i en regjering som skaper fattigdom og så ber han om almisser.»

«Det skjer ikke så lenge dere ikke står opp for de som lider ­under denne regjeringens handlinger.»

«Har ikke rå til det jeg. Min AAP ble stoppet i juli 2018.»

Til motmæle

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad seier til Vårt Land at han er vant med å få både ros og ris i sosiale medier:

– Kvifor får ikkje KrF pengegåver slik dei andre partia får?

– Eg har tru på at det vil kome, men det må arbeidast systematisk med dette.

Ropstad har difor tru på at når valkampen startar for alvor, vil også KrF ha fått pengar frå glade gjevarar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter