Tysdag legg finansminister Siv Jensen (Frp) fram Solberg-regjeringas forslag til revidert nasjonalbudsjett – og KrF skal vanen tru vere med og forhandle fram sluttresultatet, slik partiet har gjort sidan 2014.
I april overraska landets nye justisminister, Tor Mikkel Wara (Frp), opposisjonen med å forkynne at det såkalla dødsgebyret skal innførast, for staten treng alle inntekter ein kan få.
– Vi er sterke motstandarar av dette gebyret, for det rammar svært usosialt, seier KrFs finanspolitiske talsmann, Kjell Ingolf Ropstad.
LES MEIR Krev gebyr på døden
Budsjett
Vårt Land avdekte i februar at regjeringa vil innføre eit gebyr på skifteattesten, som er det sentrale dokumentet ved privat skifte av dødsbu. For at arvingar eller ektefeller etter avdøde skal kunne disponere over eit dødsbu, må dei ha ein skifteattest som stadfesting.
I dag er skifteattesten gratis, og han blir utsteda av tingretten. Regjeringa varsla i fjor haust, i statsbudsjettet for 2018, at dei vil innføre eit gebyr på 1.130 kroner for kvar skifteattest. Slik skal staten dra inn 40 friske millionar kroner til statskassa.
– Dette er det same som å skattleggje døden, raste generalsekretær i Senior Norge, Knut Chr. Høvik.
Og med det fekk gebyret til regjeringa eit splitter nytt namn, «dødsgebyret».
Rettvist
Fordi det må ei lovendring til, sendte dåverande justisminister Sylvi Listhaug (Frp) gebyret ut på høyring. Senterpartiet svarte med å fremme eit forslag i Stortinget som vil parkere dødsgebyret. SV var raske med å støtte forslaget, og snart sa KrF det same:
– Gebyret er usosialt, så KrF seier nei til innføre det, fortalte KrFs justispolitiske talskvinne, Jorunn Gleditsch Lossius, til Vårt Land i slutten av februar.
KrF forklarte at det er rett og rimeleg at når dei som har mest slepp arveavgift, bør dei som har langt mindre få sleppe å betale eit skifteattestgebyr. Solberg I-regjeringa fjerna arveavgifta. Solberg II vil innføre skifteattestgebyret.
Fleirtal
Etter litt tid i tenkjeboksen sa også Arbeidarpartiet nei, og med det hadde Sp samla opposisjonen. Firkløveret Sp, SV, KrF og Ap har fleirtal for å skrote gebyret. Men justisminister varsla i april, i eit brev til Senterpartiet at budsjettvedtaket frå i fjor haust står ved lag: «Etter min mening er det rimelig at det betales et gebyr som svarer til utgiftene det offentlige påføres (...) ressursbruken forbundet med utstedelse er ikke ubetydelig», skreiv han.
Opposisjonspartia har alle vedgått at dei ikkje oppdaga gebyret i statsbudsjettet frå regjeringa, som Venstre og KrF til slutt støtta. Difor må ein no finne inndekning for 40 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett.
LES MEIR Wara firer ikke, vil innføre dødsgebyret
Lovnad
KrFs finanspolitiske talsmann, Kjell Ingolf Ropstad, som også er nestleiar i partiet, varslar at dei går til forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett med éi målsetjing i dødsgebyrstriden:
– Gebyret på skifteattestar skal ikkje bli innført.
– Det kan du love?
– KrF står på det vi har sagt i denne saka, seier Ropstad.
Avvist
I høyringsrunden, som blei initiert av Sylvi Listhaug innan ho gjekk av som statsråd, blir dødsgebyret fillerista.
Advokatforeningen meiner gebyret vil ramme dei svakaste «på et svært sårbart tidspunkt». Dommerforeningen trur gebyr på skifteattest kan føre til at også «banker og andre private instanser» vil krevje betaling for «ekstraarbeid i forbindelse med dødsfallet».