Nyheter

KrF-krav kontant avvist

KrFs omkamp for å få fjerna krav til butid for å få kontantstøtte, er avvist av Stortinget. Arbeidarpartiet og Venstre sikra innstramminga til regjeringa.

Dersom butidskravet berre skal gjelde for kontantstøttemottakaren, og ikkje den andre forelderen, vil ein veldig lett kunne omgå kravet om butid i Norge, meiner barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp). No har Stortinget avvist å liberalisere innstramming.

Kort tid før førre Storting gjekk frå kvarandre for å bu seg på valkamp, vedtok dei folkevalde ei innstramming av ei velferdsyting, KrFs hjartesak, kontantstøtta:

«Støttemottakeren må være bosatt i riket, og ha vært medlem i folketrygden i minst fem år. Dersom barnet bor sammen med begge foreldrene, må begge foreldrene ha vært medlem i folketrygden i fem år», lydde endringa av kontantstøttelova.

LES MEIR Høgre fredar kontantstøtta

Fleirtal

Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet fekk med seg Venstre og Arbeidarpartiet. Kvartetten var samd om at innstramminga vil styrkje integreringa av utanlandske menn og kvinner som buset seg i Norge. Senterpartiet, SV, KrF og MDG røysta imot, dei ville bevare treårsgrensa.

1. juli blei innstramminga praktisk politikk.

Urettvist

Kort tid etter kom det soger i media om urettvis handsaming. Vårt Land melde i fjor sommar om denne:

Kvinne fødd og oppvaksen i Norge­, er norsk statsborgar og gift med ein utanlandsk mann. Han har budd her i tre år, er i full jobb, og har norsk statsborgarskap i sikte. Hun søkte kontantstøtte for å vere heime med felles barn. Men fordi mannen ikkje oppfyller femårsregelen blei det avslag.

Slik må det vere, sa barne- og likestillingsminister Horne. Ho vedgjekk at innstramminga som opplevast å vere urimelig, men understreka i eit brev til Stortinget at «dette veies opp av de positive konsekvensene denne lovendringen vil ha for integreringen av barna og foreldrene».

Krav

Straks stortingsvalet var unnagjort, og dei folkevalde hadde funne plassane sine, baud KrF opp til omkamp om innstramminga. Stortingsrepresentantene Geir Jørgen Bekkevold, Olaug V. Bollestad og Steinar Reiten la fram eit dokument 8-forslag «om endring av botidskravet for rett til kontantstøtte».

Konkret kravde KrF at «Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til endret kontantstøttelov, slik at botidskravet som Stortinget vedtok 8. juni 2017, kun gjelder kontantstøttemottakeren og heller ikke rammer norske statsborgere som har hatt lengre utenlandsopphold».

Avvist

No er KrF-kravet handsama i Stortingets familie- og kulturkomité. Konklusjonen i innstillinga er klar: Krav avvist.

Fleirtalet, Høgre, Frp, Venstre og Ap, seier at innstramminga ikkje skal rørast. Ap, SV og Venstre nyttar høvet til minne om at dei vil avvikle heile kontantstøtteordninga. Men Ap påpeikar at i dagens parlamentarisk situasjon ser det ikkje «ut til å være mulig å få flertall for et slikt forslag».

Difor må innstramminga frå i fjor stå urørt. Ap skriv i innstillinga at det er «nødvendig med innstramminger som kan minimere de integreringshemmende effektene av kontantstøtten».

LES MEIR Horne seier nei

Unntak

Både Ap, Sp, SV og KrF vedgår at kravet om fem års butid kan vere urettvist ut for til dømes denne typen par: Far er innvandrar og i full jobb, men fordi han ikkje har budd fem år i landet, kan ikkje barnet få kontantstøtte sjølv om mor er norsk og er den som skal vere heime med barnet.

Likevel seier Ap at slik må det berre vere, for «det er vanskelig å utforme unntaksregler på en slik måte at de bare treffer dem som er godt integrert».

Evaluering

Som i år som i fjor minnar barne- og likestillingsminister Solveig Horne KrF om at innstramminga vil bli evaluert etter eit år, for å så «se om den fungerer etter hensikten», skriv ho i eit brev til Stortinget.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter