Nyheter

Krev radikal omlegging av au pair-ordninga

Advokat Gunhild Vehusheia meiner au pair-ordninga bør endrast. – Lat oss kalle det hushjelper, og la dei få skikkeleg løn.

Ho har arbeidd mykje med ­utnytting av utsette og sårbare grupper i Norge, som offera for menneske­handel og tvangs­arbeid – og au pairar. Gunhild Vehusheia var ­bistandsadvokat for to søstrer frå Filippinane som var involverte i rettssaka i ting­retten i fjor (sjå hovudsaka).

Ekteparet som blei dømt vedgjekk at dei hadde brote regelverket, men dei anka straffe­utmålinga. Ankesaka skal opp i lagmannsretten no i juni.

Erstatning

Vehusheia anka også ein del av ­dommen. Ho meiner søstrene må få ­erstatning for dei timane dei faktisk arbeidde hjå verts­familien. Tingretten sa at ­fordi dei ikkje hadde lovleg opphald som ­arbeidstakarar, men var au pairar, kunne dei ikkje bli tilkjent ei høg erstatning. ­Berre den eine kvinna blei tilkjent 34.200 kroner, den andre ­ingenting. Denne ankesaka er det ikkje fastsett tid for.

LES MEIR: Vertsfamiliar utnyttar au pairar 

Løn

Advokat Vehusheia ­seier innstrammingsforslaget frå Justisdepartementet ikkje vil stoppe utnyttinga av au pairar.

– Så lenge dagens ordning står ved lag, vil fattige ­kvinner frå særleg Filippinane bli ­utnytta som hushjelper i Norge.

Difor har advokaten eit radikalt ønskje om omlegging:

– Familiar i Norge har ­behov for hjelp i heimen, kvinner i ­fattige land har behov for arbeid, så lat oss kalle det hushjelper, og la dei få skikkeleg løn.

Lovverk

Vehusheia er ­sikker i ei sak:

– Endrar vi lovverket slik at dei som kjem som au pairar i dag får betalt for kvar time dei verkeleg arbeider, så trur eg det vil påverke misbruket av 30-­timarregelen.

I dag skal ein au pair ­arbeide maksimum 30 timar i hus­standen i løpet av sju dagar.

Løyner

– Men vil ­egalitære Norge finne det naturleg å ­hente hushjelper frå ­Filippinene og gje dei skikkeleg løn for å stelle hus og heim?

– Mange som brukar au ­pairar i dag vil nok ikkje finne det naturleg å hyre inn ei hushjelp. Men så lenge vi løyner ordninga bak orda au pair og kallar det kulturutveksling, ja, så vil familiar bruke ordninga. Og misbruke ho.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter