– Siktemålet med au pair-ordninga er kulturutveksling. Dette står heilt tydeleg både i regelverket, i e-læringskurset som er obligatorisk for vertsfamiliar og i kontrakten som blir signert. Misbruk av ordninga og utnytting av arbeidskraft er difor inga misforståing, seier Anne Nogva, leiar for Caritas au pair senter.
Caritas er Den katolske kyrkjas internasjonale hjelpeorganisasjon.
Utveksling
Ordninga med au pair er omstridd. Formålet er at unge menneske frå framande land skal få kome til Norge, få bu saman med ein vertsfamilie, arbeide ei avgrensa mengde timar per veke og få ta del i familielivet.
Men dei seinare åra er det blitt kjent at mange vertsfamiliar behandlar au pairen som flyttar inn som ei billeg hushjelp som kan arbeide fulltid og ofte meir enn det.
LES MEIR: Krev radikal omlegging av au pair-ordninga
Skuldig
I fjor blei ein milliardær og kona dømt til fem månadar fengsel, inndraging av 372.000 kroner og 34.200 kroner i erstatning til ein av dei to au pairane familien hadde.
Under rettssaka sa paret seg skuldig i misbruk av au pair-ordninga – det er berre lov å ha ein au pair i husstanden. Men dommen frå tingretten blei anka.
Redda
I etterkant av rettssaka fremma SV og stortingsrepresentantane Karin Andersen og Kirsti Bergstø eit privat lovforslag med to tiltak: Avvikle heile au pair-ordninga og vedta strengare reaksjonar mot vertsfamiliar som utnyttar au pairar.
Forslaga blei avgjort i Stortingets kommunalkomité i mai i fjor. Høgre og Framstegspartiet ønskte å bevare ordninga, og den blei redda av Venstre og KrF, som sikra regjeringa fleirtal.
Avgjerda provoserte LO kraftig:
– Au pair er moderne slaveri, sa første nestleiar Peggy Hessen Følsvik til VG.
LO var særleg skuffa over at Venstre og KrF redda ordninga.
LES OGSÅ: Varsler kamp mot misbruk av au-pairar
Alvorlege
Eit år seinare legg Caritas tal på bordet som viser at mange familiar framleis utnyttar dei unge kvinnene som kjem til Norge, hovudsakleg frå Filippinane.
Ved årsskiftet var det 2.200 au pairar hjå norske familiar. I løpet av dei ti siste månadane har Caritas’ au pair-senter registrert 700 saker frå au pairar. 70 er registrerte som mistrivselssaker, og 22 saker er det senteret definerer som alvorlege.
Anne Nogva opplyser at det er snakk om det dei kallar «degraderande oppførsel» mot au pairen: Denne blir handsama som ei hushjelp, blir ekskludert frå familielivet, blir utnytta som arbeidskraft, avtalt lønn blir ikkje betalt.
LES MEIR: Vågar ikkje bli au pair i Storbritannia
Opphaldsløyve
Samtalar med au pairar avdekkjer at dei som opplever å bli tvinga til å arbeide monaleg meir enn det som er lovleg, ofte er redde for reaksjonane til vertsfamiliane om dei melder lovbrota. Felles er at au pairane er redde for å miste opphaldsløyve i Norge.
– Om frykta er reell eller ikkje, spelar lita rolle. Au pairen bur heime hjå vertsfamilien og er difor meir sårbar ved konflikt. Desto alvorlegare ser vi på regelbrot og utnytting av personen.
Pålegg
Då Stortinget handsame au pair-ordninga i fjor vår, påla dei folkevalde regjeringa å utgreie ei lovinnstramming:
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om en lovendring for å sikre at vertsfamilier som grovt eller gjentatte ganger bryter lover eller regler som skal beskytte au pairer, kan miste retten til å ha au pair for alltid.»
Høyring
No er justisminister Tor Mikkel Wara (Frp) klar med eit forslag til lovendring. Fram til no har vertsfamiliar som bryt regelverket fått karantene. Heretter skal dei miste retten til å få ein au pair for godt, skriv Wara i forslaget som han har sendt på høyring.
I Caritas er leiaren av au pair-senteret nøgd med innstramminga:
– For å verne om ordningas formål og hindre at personar blir utnytta, kan lovendringa ha god verknad, meiner Anne Nogva.