Nyheter

Kommune får ikkje berre velje ideelle

Bodø kommune ville berre ha ideelle barnehageutbyggjarar, ikkje kommersielle selskap. No har Fylkesmannen i Nordland kjent bystyrevedtak ugyldig.

Skal barnehagane drivast av kommunane, ideelle organisasjonar eller kommersielle selskap?

Fylkesmannen i Nordland har avgjort at Bodø kommune ikkje kan ekskludere kommersielle barnehageselskap til fordel for ideelle barnehageutbyggjarar.

Torsdag tok eit samla Bodø bystyre avgjerda «til etterretning».

– Naturlegvis skal vi innrette oss etter lova, seier ordførar Ida Pinnerød (Ap) til Vårt Land.

LES MEIR Ideelle blei for dyre

Utbygging

I 2003 vedtok Stortinget barnehageforliket. Vedtaket blei startskotet til ei storstila utbygging av private barnehagar. For kommunane fekk pålegg om å tilby barnehageplassar samstundes som dei måtte behandle kommunale og private barnehagar likt.

I 2005 fekk Norge ei raudgrøn regjering som sette ekstra fart på utbygginga. Med Arbeidarpartiet og SV i front blei private selskap heia fram.

I dag kan norske barn velje mellom vel 6.000 barnehagar. Om lag 3.200 av desse er eigd av private, resten er kommunale.

Støtte

I særleg to kommunar har partiet Raudt fått avgjerande påverknad på barnehagepolitikken. I Oslo styrer det Ap-leia byrådet på Raudts nåde. For å sikre seg budsjettfleirtal i bystyret signert Ap, SV og MDG i oktober 2015 denne avtalen med Raudt: «Partiene er enige om at kommunen og ideelle virksomheter skal stå for drift av alle nye barnehager i Oslo». Med andre ord får ingen private barnehageselskap byggje nytt i hovudstaden.

Eit privat selskap klaga avgjerda inn for Fylkesmannen i Oslo og Akershus. I mai i år konkluderte fylkesmannen med at Oslo kommune sjølv kan velje å avvise private barnehagar så lengje kommunen sjølv etablerer dei plassane som er naudsynte for å oppfylle retten til barnehageplass.

Raudt-initiativ

I juni fatta Bodø bystyre eit vedtak som Fylkesmannen i Nordland no har kjent ugyldig.

Saka starta i komité for oppvekst og kultur. Raudts medlem la fram forslaget «Alle nye barnehager i Bodø skal eies og drives av Bodø kommune». Forslaget splitta komiteen, Høgre, KrF, Frp og Venstra sa nei. Men Ap, SV og Raudt sikra fleirtal ved hjelp dobbeltstemma til komitéleiar.

Med knapt fleirtal vedtok bystyret at «Alle nye barnehager som får tilsagn skal innenfor gjeldende lov og regelverk driftes av kommunen eller ideelle virksomheter».

LES MEIR Færre sykehjem drives av ideelle

Åtvaring

Dagen før saka kom opp i bystyret sendte Kunnskapsdepartementet ut eit brev til alle landets fylkesmenn. Her blir lokale folkevalde minna om at «Kommunene har ikke hjemmel til å innskrenke barnehageeiers adgang til et rimelig årsresultat, verken gjennom vilkår for tilskudd eller vektlegging av driftsform ved avgjørelsen om å tildele tilskudd».

Brevet valde fleirtalet i Bodø bystyre – Ap, Raudt, SV, Sp og MDG – å oversjå.

– Vi meinte at brevet ikkje råka oss, forklarar ordførar Pinnerød.

Opposisjonen svarte med å fremje krav om lovlegkontroll – og vedtaket blei sendt til Fylkesmannen i Nordland.

Lovstridig

Statens representant i Nordland har no avgjort striden. Vedtaket er lovstridig:

«Kommunen kan ikke ekskludere de kommersielle barnehageeierne til fordel for de ideelle aktørene slik vi oppfatter at bystyret her har gjort», skriv assisterande fylkesmann Monica Andreassen Iveland i brevet til Bodø kommune – og held fram:

«Bodø kommunes vedtak er derfor i strid med Barnehageloven paragraf 14 c, og Fylkesmannen opphever bystyrets avgjørelse på grunn av ugyldighet».

– Bodø har per i dag full dekning, men fordi to av tre barn går i private barnehagar, vil vi nok byggje meir sjølve når det blir behov for fleire plassar, lovar ordførar Pinnerød.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter