Nyheter

Klare til boikott - endrar innkjøp

No rullar kommunane Tromsø og Lillehammer ut boikottane av israelske varer produserte på Vestbreidda. Vi endrar innkjøpa, fortel ein gruppeleiar og ein ordførar frå Arbeidarpartiet.

– Men det er viktig å presisere at når vi no skal endre innkjøpsreglementet, så skal det gjelde alle varer som er produserte på okkupert land, ikkje berre frå Vestbreidda, seier Jarle Heitmann, gruppeleiar for Ap i Tromsø kommunestyre.

To kommunar, Trondheim og Tromsø, vedtok i 2016 at dei vil boikotte varer som er er produserte i israelske busetjingar på den okkuperte Vestbreidda. I Tromsø kom initiativet frå Raudt medan det var Ap, SV, Raudt og MDG som fremma forslaget i Trondheim.

Men fordi Utanriksdepartementet (UD) straks varsla at ein ville gjere ein lovlegkontroll, ville kommunane vente på svaret.

LES OGSÅ: – Ap lar seg presse av Rødt og SV

Tok atterhald

Medan UDs juristar sjekka om kommunale boikottar var i strid med internasjonale avtalar Norge har signert, gjorde ein tredje kommune eit boikottvedtak. Men dei folkevalde i Lillehammer tok atterhald i april 2017:

«Fra det tidspunkt Utenriksdepartementet har vurdert lovmessigheten av boikott av israelske varer produsert på okkupert område, og under forutsetning av at slik boikott er lovlig» vil Lillehammer kommune boikotte israelske varer frå Vestbreidda.

Tre punkt

I mai, etter halvanna år med vurderingar, kom UDs konklusjon: «Kommunal anskaffelsesboikott rettet mot varer og tjenester produsert i bosetninger på okkupert område strider ikke mot Norges internasjonale forpliktelser på handelsrettens område.»

Dermed kan det vel eit år gamle fleirtalsvedtaket i Lillehammer kommunestyre, som blei initiert av SV, effektuerast:

• «Kommunestyret ber rådmannen sørge for at Lillehammer kommune og selskap eid av Lillehammer kommune så langt det er praktisk mulig ikke kjøper israelske varer som kommer fra okkuperte områder i Palestina.»

• «Det skal ikke gis tillatelse til å opprette stands på kommunale tomt/eiendom, for salg og promotering av slike varer.»

• «Lillehammer kommune skal ikke inngå noen form for økonomisk samarbeid med israelske selskap som produserer sine varer i okkuperte områder i Palestina.»

LES OGSÅ: KrF: Mer samarbeid med Israel

Lite volum

– No får innkjøparane i kommune beskjed om at Lillehammer ikkje skal kjøpe israelske varer frå okkupert område, altså Vestbreidda, opplyser ordførar Espen Granberg Johnsen (Ap).

– Kjøper Lillehammer kommune mykje frå israelske busetjingar på Vestbreidda i dag?

– Det veit eg ikkje. Eg tvilar på at det er snakk om mykje. Men vedtaket er eit viktig politisk signal, seier Lillehammer-ordføraren.

Glad ordførar

I Tromsø er ordførar og partikollega Kristin Røymo (A) svært nøgd med avklaringa frå UD, sjølv om dei måtte vente lenge:

«Hver for oss har vi en relativt liten innkjøpsmakt, men til sammen har vi stor innkjøpsmakt, og kan hindre de folkerettsstridige okkupasjonen i å være økonomisk lønnsomt. Jeg er glad for at vi nå kan begynne boikotten», seier ho til avisa I Tromsø.

Ordføraren måtte også vente fordi den borgarlege opposisjonen i kommunestyret kravde at Fylkesmannen i Troms måtte sjekke om vedtaket frå 2016 var lovleg, om det braut med norsk utanrikspolitikk. Men fordi fylkesmannen ville vente på UDs avgjer, tok saka tid.

Brukar makt

– No er saka avgjort. Vedtaket er lovleg, seier Aps gruppeleiar i Tromsø, Jarle Heitmann.

– Men skal kommunar drive utanrikspolitikk?

– Vi brukar innkjøpsmakta vi rår over. Vi vil at ingen varer som Tromsø kjøper skal vere produserte på okkupert land. Vi brukar ganske enkelt forbrukarmakta vår, seier Heitmann.

Følgjer etter

I Sortland kommune i Nordland varslar SV at partiet vil fremme eit forslag på kommunestyremøtet 14. juni om kommunal boikott av varer og tenester som er produserte på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter