Nyheter

Klandrar Zoom for å bidra til menneskerettsbrot

Amnesty åtvarar teknologifirmaet Zoom mot å bli eit kinesisk verktøy. Det skjer etter at Zoom stengde ned markeringar etter ønske frå Beijing.

I slutten av mai og starten av juni, stengde det amerikanske firmaet ned tre ulike markeringshendingar for massakren på Den himmelske freds plass. Markeringane blei sende over videokonferansetenesta til det amerikanske teknologifirmaet Zoom.

Tok sjølvkritikk, men vil halde fram

Zoom har i etterkant i ei offisiell melding innrømma å ha stengt ned tre av fire markeringar etter ønske frå kinesiske styresmakter. Kontoar til tre ulike aktivistar som var vert for markeringane, blei i tillegg suspenderte.

I utsegna tok dei sjølvkritikk på at dette hadde ramma kontoar som ikkje var plassert i kinesisk fastland. Dei stadfesta at førespurnadar frå kinesiske styresmakter i framtida ikkje skal ramme nokon som oppheld seg utanfor landet.

Teknologifirmaet slo likevel fast at dei vil respektere førespurnadene frå lokale styresmakter, om stenging av lokal aktivitet. Dei vil dermed blokkere framtidige møte over tenesta, frå kinesiske brukarar som Beijing reknar som ulovlege. Dei jobbar også for å kunne hindre deltakarar i å delta på ulike møte basert på geografisk plasseringsverktøy, også etter ønske frå kinesiske styresmakter.

Trass det skriv firmaet i uttalinga dei «håper ein dag at styresmakter som bygger barrierar for å kople folket deira frå verda innser at dei handlar mot sine eige interesser».

Klandrar Zoom for medverknad

Måndag publiserte Amnesty International ei melding der dei klandrar Zoom for at dei med dette medverkar til brot på ytringsfridomen.

Amnesty hevdar videotenesta «vender det blinde auget til undertrykkinga som skjer av brukarar på det kinesiske fastlandet.» Dei meiner teknologifirma som Zoom må sette prinsipp føre profitt, og forsvare ytringsfridom på internett, i staden for å kue seg for undertrykkande regime.

«Zoom må respektere menneskerettar gjennom heile forretningsdrifta deira og ikkje bli eit verktøy for Kinas mektige sensursystem», skriv menneskerettsorganisasjonen.

Leiande plattform

Videotenesta har i lys av pandemiutbrotet blitt den leiande plattforma for videomøte. Ein kanadisk rapport stadfesta at firmaet ser ut til å ha tre store verksemder i Kina, kor over 700 kinesiske tilsette blir nytta til å utvikle programvara til tenesta. Dei bak rapporten foreslo at satsinga i Kina handla om økonomisk vinning gjennom såkalla utkontraktering eller «outsourcing».

Landets lov gjelder

Torgeir Waterhouse, rådgjevar i Otte rådgjevingsselskap for teknologi og samfunn, seier at selskap er plikta til å følgje lovgjevinga i landet dei leverer tenester i.

- Slike kollisjonar mellom ulike lands lovgjeving finn stad heile tida for transnasjonale selskap, men vi i Vesten reagerer sterkare når det gjeld styresmakter som vi ikkje er samde med.

Vidare peiker Waterhouse på at vi ofte reagerer frå vårt perspektiv når internett blir brukt til det motsette av kva vi tenkjer det skal brukas til.

- Draumen og visjonen er at det skal ha ei demokratiserande effekt. Likevel kan det også brukast til det motsette, som truleg har skjedd i denne saka.

IKT-eksperten meiner at slike utfordringar på den eine sida handlar om kompliserte juridiske strukturer, men på den andre sida at det er lett.

- Det handlar om eit etisk val som selskapa må ta. Dei må bestemme seg for om den lokale lovgjevinga er noko dei kan leve med, viss ikkje, så må dei trekke seg ut i frå landet.

LES OGSÅ:

Nynazister og nett-troll angriper religiøse nettmøter

Kina må stilles til ansvar

– Norge er nå blant landene med varmest forhold til Beijing

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter