Nyheter

Kjøpsjakt på kristne barnehagar

Pinseforsamling bygde opp barnehagekjede. Selt for rundt 90 millionar kroner. Fleire kristne barnehagar er kontakta. – Kjøpstilbod gjer eigarar urolege, seier arbeidsgjevarorganisasjonen KA.

Barnehagar som driv med såkalla utvida formålsparagraf – eller enklare sagt; kristne barnehagar – er etterspurde.

– Vi registrerer at fleire av våre medlemmer blir kontakta med spørsmål om oppkjøp, fortel direktør Øystein Dahle i KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter.

Om lag 50 kyrkjelydsbarnehagar er medlem i KA. Dei er eigde av sokneråd eller fellesråd i Den norske kyrkja.

– Seier eigarar ja, takk?

– Fleire er avventande til å bli kjøpt opp, seier Dahle.

Dagleg leiar Harald Berge Breistein i NLM-barnehagene fortel at oppkjøparar snusar på selskapet som er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM).

– Vi har registrert at det har vore følarar ute. Vi har ikkje fått direkte førespurnadar om sal, men registrerer ei indirekte interesse.

– Er NLM-barnehagene for sal?

– Nei.

LES MEIR Vil ha mor lenger hjemme

Store veks

16. juni 2003 vedtok eit samla storting barnehageforliket. Vedtaket blei startskotet til ei storstila utbygging av private barnehagar. For kommunane fekk pålegg om å tilby barnehageplassar samstundes som dei måtte behandle kommunale og private barnehagar likt.

I dag kan norske barn velje mellom vel 6.000 barnehagar. Om lag 3.200 av desse er eigd av private, resten er kommunale.

Lenge var det eit mylder av små private barnehageselskap. Så tok større, kapitalsterke selskap tak i marknaden og starta ei omfattande restrukturering. Store barnehagekonsern veks fram.

Læringsverkstedet er gjennom oppkjøp blitt Norges største tilbydar av barnehageplassar med heile 190 barnehagar. Samla omsetjing ligg på tre milliardar kroner.

90 millionar

I fjor kjøpte Læringsverkstedet barnehageselskapet Solkollen som var eigd av pinseforsamlinga Filadelfia og dreiv fire barnehagar i Kristiansand.

For 16 månadar sidan sendte Solkollen ut ei pressemelding: «En avtale med den landsdekkende barnehagekjeden Læringsverkstedet gjør at Filadelfia sin drøm om å ta Solkollen barnehage nasjonalt nå kan realiseres (...) Og med utgangspunkt i de 4 Solkollen barnehagene i Kristiansand skal de jobbe for å etablere en nasjonal barnehagekjede med utvidet formålsparagraf.»

Ingen av partane ville ut med kjøpesummen. No viser 2016-rekneskapen til Filadelfia Kristiansand AS at pinseforsamlinga fekk ekstra finansinntekter i fjor på om lag 90 millionar kroner.

– Eg har ingen kommentar til salssummen, seier Lasse Rosten, tidlegare styreleiar i Solkollen.

Ambisiøst mål

I dag driv Læringsverkstedet fire typar barnehagar: Musikkbarnehage, idrettsbarnehage, naturbarnehage og barnehage med utvida formålsparaf – eller kristen barnehage.

Dei siste er samla i Solkollen-konseptet og tel no 11. Sju er blitt innlemma både før og etter at Solkollen blei kjøpt av Læringsverkstedet for eit år sidan. Verdidokumentet til Solkollen fortel at «Vår verdiformidling er forankret i kristen tro og tradisjon».

– Vi har overtatt fleire barnehagar som var trua av nedlegging. Vi ser at mange små kristne barnehagar har forsvunne dei siste åra, seier dagleg leiar Lasse Rosten.

Han har ambisiøse mål:

– Eigentleg bør det vere ein kristen barnehage i kvar kommune.

På Solkollens heimeside melder Rosten at «Barnehager fra ulike steder i landet er i dialog med oss, og vurderer å bli en del av fellesskapet».

Avviser sal

Norges største misjonsorganisasjon har bygd opp ei nasjonal kjede som tilbyr barnehagar frå Troms til Agder. Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) eig og driv 33 barnehagar gjennom selskapet NLM-barnehagene. I tillegg driv NLM åtte barnehagar åleine eller i samarbeid med andre organisasjonar.

Dagleg leiar Harald Berge Breistein fortel sal er uaktuelt.

– NLM vil drive det sjølv. Barnehagedrift er viktig for oss.

Formålet til Misjonssambands-selskapet er tydelig formulert i vedtektene: «Barnehagene skal i nær forståelse og samarbeid med heimen hjelpe til med å gi barna kristen oppdragelse i et godt og trygt miljø. Den skal gi gode utviklings- og aktivitetsmuligheter og utvikle deres evne og vilje til å samarbeide med andre, og bære ansvar og ha omsorg for mennesker i heimlandet og mellom andre folkeslag.»

NLM driv ikkje barnehagar for å sikre organisasjonen inntekter: «NLM-barnehagene AS er et ikke-kommersielt selskap. Eventuelle overskudd skal benyttes til å utbedre og styrke medlemsbarnehagene.»

– Målet er at kvar barnehage driv så sunt økonomisk at dei har eit overskot på minst to prosent, som blir pløygd tilbake i drifta av barnehagen, fortel Breistein.

LES MEIR Overgrepsdømde vil jobbe med barn

Selt vidare

I KA ser direktør Øystein Dahle ei tydeleg endring i medlemsmassen: Dei minste kyrkjelydsbarnehagane forsvinn medan dei store blir større.

Dei mange spørsmåla om oppkjøp har fått KA og IKO - kirkelig pedagogisk senter til å organisere ein konferanse for kyrkjelydsbarnehagar seinare i haust.

– Kjøpstilbod gjer eigarane urolege. For kva kan skje om tre til fem år? Kanskje blir barnehagane selt vidare til selskap som ikkje vil ha kristen formålsparagraf – til dømes større utanlandske selskap, seier Dahle.

Han ser ein trend i den private barnehagesektoren: Kommersielle barnehageselskap kjøper opp ideelle barnehagar for å samle dei under ein paraply med ein felles profil. Skilnaden mellom dei kommersielle og dei ideelle barnehagane blir dermed ikkje så stor når det kjem til profil, men eigarforholda er likevel grunnleggande ulik.

Vil drive

I Oslo har Fagerborg kyrkjelyd drive barnehage sidan 1958. I 2008 bygde dei ny og større barnehage. Dagleg leiar Irén Aarstad stadfestar at barnehagen har fått førespurnadar om han er til sals.

– Vi fekk det siste for ei tid tilbake. Men svaret var – og er – nei. Kyrkjelyden vil drive barnehagen sjølv.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter