Nyheter

Overgrepsdømde vil jobbe med barn

Stortinget vil verne barn mot overgrep. Politiet avslører jobbsøkjarar som ber om politiattest for å få jobbe med unge og sårbare, men som ikkje har kritkvite rulleblad.

Siste halvår i fjor varsla politiattestkontoret politidistrikta om 196 saker som gav grunn til otte. Hittil i år har dei varsla om 196 saker.

– Vi driv eit viktig førebyggjande arbeid, seier Lone Bangsund, fungerande leiar av Politiets eining for vandelskontroll og politiattestar, som er ei nasjonal teneste, lokalisert til Vardø.

Med Stortingets støtte har Solberg-regjeringa stramma til på særleg to sektorar, barnehage og eldreomsorg. Hausten 2015 la helseminister Bent Høie (H) fram forslaget om at alle som skal arbeide i kommunale helse- og omsorgstenester må leggje fram politiattest. Samstundes endra kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) krava til vikarar i barnehagar. Også dei som jobbar mindre enn 14 dagar i barnehage skal ha levert politiattest før dei byrjar i jobben.

Endra loven i år

1. januar blei helse- og omsorgstenestelova endra. Frå og med i år må alle som får ein helse- eller omsorgsjobb i Kommune-Norge leggje fram ein politiattest innan dei signerer arbeidskontrakten.

Kravet var lenge fronta tungt av Framstegspartiet. Den raudgrøne Stoltenberg-regjeringa vende så seint som i 2013 tommelen ned for forslaget.

Samstundes som offentlege – og private – arbeidsgjevarar stiller krav om attest for alle som skal jobbe med barn, må også frivillige som vil gjere ein innsats for barn i idrettslag, korps og kyrkjesamfunn vise fram attesten frå politiet som viser at dei er skikka.

Stiller krav til frivillige

– No er det slik at alle som arbeider med barn, og skal ha eit tillitsforhold til barn, må ha attest, forklarar Bangsund.

Kravet er innført på brei front i Frivillig-Norge:

«Korpsledere, dirigenter, instruktører og andre som har ansvar for barn og unge i korps, må legge fram politiattest», melder Norges Musikkorps Forbund.

«Speideren skal være et trygt sted å være for alle. Et viktig tiltak for å oppnå dette er kravet om politiattest», skriv Speidarforbundet og Norges KFUK-KFUM-Speiderne.

«Alle som utfører oppgaver i norsk idrett, som innebærer et ansvars- eller tillitsforhold overfor mindreårige eller personer med utviklingshemming, skal fremvise politiattest», krev Norges Idrettsforbund.

Ber om sjekk

Analyser av bunken med attestsøknader som Vårt Land har fått innsyn i, fortel at politiets attestkontor finn personar som vil jobbe med barn og som slett ikkje har upletta rulleblad.

Fleire gonger i veka finn granskarane i Vardø personar som dei meiner lokalt politi bør sjå nærare på – før attest blir signert og stempla. Andre halvår 2016 loggførte kontoret 196 slike saker.

– Hittil i år er det sendt 196 slike varsel.

Kontoret har førebels ikkje gjort analyser som viser om personar som er sikta, tiltalte eller dømde for overgrep mot eldre er å finne i bunken med attestsøkjarar.

Var sikta

Fleire av dei politiet finn, er straffedømt – blant anna for overgrep. Og så er det dei som ikkje har ein overgrepsdom på rullebladet, men som har vore involverte i overgrepssaker mot barn som er lagt vekk av påtalemakta.

Politiet sjekkar om søkjaren har vore sikta, tiltalt, har vedteke førelegg eller er dømt seksualbrotsverk, vald- og narkotikabrotsverk.

Trekkjer tilbod

Når Vardø-kontoret finn ein attestsøkjar som får alarmklokkene til å kime, sender dei eit varsel til politidistriktet på heimstaden til søkjaren. Så blir det opp til politijuristane her å avgjere om arbeidsgjevaren som krev attest skal bli varsla om at jobbsøkjaren, som har eit ståande jobbtilbod, har ein bakgrunn som gjer han ueigna til å jobbe med barn - eller eldre.

– Kva gjer arbeidsgjevarane med opplysningane dei får frå politiet?

– Fleire vel å trekkje tilbake jobbtilbodet, fortel leiaren av politiattestkontoret.

Samstundes som arbeidsgjevarar blir varsla, får personen som har bedt om politiattest vite at arbeidsgjevar blir informert om funna.

Søkjarar kan få attestar med ingen eller få merknader, sjølv om det er registert opplysningar som gjev grunn til otte. Då ber attestkontoret lokalt politi sende desse opplysningane til arbeidsgjevaren eller organisasjonen som har bede om attest. Desse må avgjere om informasjonen skal få konsekvensar.

Justisros

Nestleiar i Stortingets justiskomité – og i KrF, Kjell Ingolf Ropstad, rosar innsatsen til politiets attestkontor.

– Vi har fått eit system som avdekkjer overgriparar, og som finn fram til dei som ikkje er skikka til å jobbe med dei mest sårbare i samfunnet, barna våre.

Ropstad seier det er bra at politidistrikta blir varsla om personar som ikkje er dømde, men som det heftar opplysningar ved som må sjekkast grundig ut.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter