Nyheter

KD-leiaren peikar retninga for partiet ved EU-valet. KrF-Ropstad til Sverige for å lære

KD vil gjere eit godt EU-val. KrF-Ropstad til Sverige for å lære av KD-leiar Ebba Busch Thor.

– Eg skal på KDs valvake for å vere med på partiets innspurt i EU-valet, seier KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad til Vårt Land. Han set seg på flyet til Stockholm sundag ettermiddag.

Sundag er siste valdag når medlemslanda i EU vel folkevalde til EU-parlamentet som held hus i Brussel og Strasbourg. For å få eitt sete i parlamentet må kvart nasjonale parti få minst fire prosent av røystene.

LES MEIR: KrFs svenske suksessøster fosser fram

Lære

Ropstad gler seg på KDs vegne og rosar partileiar Ebba Busch Thor for å hennar evna til å sanke veljarar i val etter val. Ved Riksdags-valet i fjor fekk KD ei oppslutning på 6,3 prosent, og blei med det sjette største parti i Sverige.

– Kva kan du lære av KD-leiaren?

– Ho har fått oppslutning om sakene ho løftar fram, helse, familie og kristne verdiar.

Framgong

I dag har svenske Kristdemokraterna (KD) eitt folkevalt medlem i EU-parlamentet. Når røystene er talt opp sundag kveld, kan KrFs svenske søsterparti ha fått inn to eller tre representantar i EU-parlamentet.

Ved førre EU-val, i 2014, fekk KD 5,9 prosent av dei svenske røystene. Lenge viste målingane at KD kunne få 11-12 prosent i år - passerer det 12 får det tre parlamentarikarar.

LES MEIR: – KrF kan vinne med Ebbas formel

Abort

Men den siste målinga i Sverige – Sifo på oppdrag for Svenska Dagbladet og Göteborgs-Posten - viser at KD ligg på 9,0. Svenske valkommentatorar forklarar duppen med den ferske avsløringa om at den førre KD-representanten i EU-parlamentet, Lars Adaktusson, stemte mot abortforslag heile 22 gonger – av totalt 28 røystingar.

– Kristdemokraternas valinnspurt er blitt påverka av diskusjonane om Adaktusson, seier Toivi Sjörén i meiningsmålingsselskapet Sifo til till Svenska Dagbladet.

Høgre

KDs toppkandidat til EU-parlamentet er Sara Skyttedal med David Lega på andreplass. Skyttedal er tidlegare leiar av KDs ungdomsparti, og er ein politikar som har lagt seg godt til høgre i KD.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter