Kan gå i krigen med nedfrosne egg
Familieplanlegging er vanskeleg når du er yrkessoldat - og ofte i krigen. Difor freistar USAs forsvar med nedfrysing av egg og sæd.
Ei gruppe kvinnelege soldatar øver på skytebanen i Fort Campbell i USA. Kvinnene tilhøyrer ei stridsgruppe i 101st Airborne Division, som blei sendt til Afghanistan.
Mark Humphrey
Forsvarsminister Ash Carter ønskjer å gjere forsvaret meir familievenleg, halde på soldatane lenger samt hjelpe dei som blir infertile som følgje av kampskader.
For å oppnå dette har han lagt fram eit uvanleg program:
USAs forsvar skal tilby menn og kvinner i uniform nedfrysing av sæd og egg. Slik kan familiar betre planleggje når det høver å bli foreldre og kor mange barn dei vil ha.
Bestill abonnement her
KJØP