Nyheter

Iranarar redde for å miste jobben - følgjer Viste-saka tett

Ahmedzadeh Farhad følgjer rettssaka mot Arne Viste med svært stor interesse. Dommen vil påverke kvardagen til kurdaren frå Iran, som styresmaktene ikkje får tvangssendt til heimlandet.

På publikumsplass i rettssal 828 i Oslo tinghus sit ein mann og følgjer nøye med på alt som blir sagt. Han har teke fri frå jobben på Sunnmøre for å følgje straffesaka mot Arne Viste og vikarbyrået hans, Plog, i Oslo tingrett.

I tiltalen skriv påtalemakta at Arne Viste og Plog «forsettlig eller grovt uaktsomt gjør bruk av en utlendings arbeidskraft når utlendingen ikke har nødvendig tillatelse etter loven».

Strafferamma er to års fengsel.

LES MEIR: Avviser Arne Vistes tolkning av Grunnloven

Mistar jobb og husvære

Ahmedzadeh Farhad opplever at svært mykje står på spel i rettssal 828.

– Blir Arne Viste dømt for brot på utlendingslova, mistar eg jobben. Då kan ikkje arbeidsgjevaren min lenger ha meg i arbeid, forklarar Ahmedzadeh Farhad. Han er ein av tital såkalla ureturnerbare som har fått jobb via Plog.

– Kva skjer då?

– Då mistar eg inntekta eg har i dag, eg må ut av husværet eg leiger - og eg må tilbake til eit asylmottak.

60 kroner

Sjølv om det ikkje er lov å arbeide for personar som ikkje har lovleg opphald i Norge, har fleire arbeidsgjevarar valt å ta imot vikarar frå Plog for å støtte Arnes Vistes forsøk på å endre lovverket.

– Kva ventar på asylmottaket?

– Svært lange dagar, der ein ikkje gjer noko anna enn å vente. På ingenting. Og verst av alt; eg blir tvinga til å leve på berre 60 kroner dagen.

Reiser ikkje frivillig

Ahmedzadet Farhad kom til Norge i 2008, søkte asyl, men fekk avslag som er endeleg. Han har ikkje behov for vern i Norge, meiner Utlendingsnemnda (UNE). Han har også fått eit utvisingsvedtak. Utlendingsstyresmaktene vil ha kurdaren frå Iran ut av landet. Men fordi Iran ikkje tek imot borgarar som blir tvangsutsendt, blir han i Norge. Som ureturnerbar. Å reise frivillig er «totalt uaktuelt».

LES MEIR: Min tro med Arne Viste: Fikk et kall fra Gud

Vanskelege kvardagar.

Ein annan iranar i rettssal 828 er like spent på utfallet av rettssaka som Ahmedzadeh Farhad. Også Hussein Nazari-Gavar har jobb via Plog - og kjem til å miste pizzabakarjobben på Sørlandet om Viste blir dømt.

– Eg slit med kvardagane, så blir Arne dømt, blir dei mykje dårlegare, fortel Hussein Nazari-Gavar, som også er ureturnerbar til Iran.

Før han blei pizzabakar, sanka han mange dårlege røynsler frå den svarte arbeidsmarknaden. Iranaren fortel om utnytting; lange dagar og dårleg løn.

Sjanse

I dag har Ahmedzadeh Farhad jobb hjå ein bilforhandlar, han er er bilklargjerar. Med seg til Oslo tingrett har han ein attest:

– Sjå her, seier han og brettar ut eit A4-ark. Orda skildrar ein flittig og samvitsfull medarbeidar. Ein mann å stole på.

– Så gje oss ein sjanse, lat oss få jobbe, me vil jo ikkje anna enn å bidra i det norske samfunnet, seier Ahmedzadeh Farhad.

---

Ureturnerbare

  • Asylsøkjarar med endeleg avslag, men som framleis oppheld seg i landet fordi Norge ikkje klarar å tvangsreturnere dei; heimlanda ikkje vil ta i mot dei.
  • I dag tel dei rundt 3.000 personar.
  • Via vikarbyrået Plog gjev Arne Viste ureturnerbare jobb, sjølv om dei ikkje har lovleg opphald i Norge.
  • Arne Viste er tiltalt for brot på utlendingslova, saka går i Oslo tingrett fram til torsdag.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter