Kirke

ImF og NLM kan bli felles trussamfunn

Nye vedtak i både ImF-styret og hovudstyret i NLM peikar i retning av ei samanslåing av dei respektive trussamfunna til organisasjonane, dersom generalforsamlingane er samde.

Dette melder Indremisjonsforbundet (ImF) og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) på nett i magasina sine Sambåndet og Utsyn.

Den 20. september vedtok ImF-styret denne formuleringa på møtet sitt: «Styret vil be GF (generalforsamlinga, red.anm.) om fullmakt til å vurdera oppretting av felles trussamfunn med NLM»

Førre helg, den 17.–18. oktober vart følgjande vedtak gjort av hovudstyret for NLM: «Hovudstyret ber om at det blir sett ned ei felles arbeidsgruppe med ImF for å greia ut konsekvensane av å slå saman NLM Trossamfunn og ImF Trossamfunn».

– Målet er å avdekka både fordela og ulemper ved ei samanslåing, seier generalsekretær i NLM, Øyvind Åsland, til Utsyn.

• LES OGSÅ: Dyre kirkebygg utfordrer syn på alkoholservering for mange menigheter

Ikkje uventa

Disse vedtaka kjem ikkje heilt uventa. Heilt sidan før NLM oppretta eige trussamfunn i 2015 har det fleire gonger vore samtalar mellom dei to organisasjonane om vurderingar rundt eit felles trussamfunn, men av ulike årsaker har planane vorte lagt på is.

No har generalsekretærane i ImF og NLM har henta fram igjen tanken om eit felles trussamfunn.

– Hensikta er å synleggjera at vi står saman i det forsamlingsbyggjande arbeidet, seier generalsekretær i ImF, Erik Furnes. til Sambåndet

Ber om brei fullmakt

ImF har generalforsamlinga si 8. og 9. november i år. Her legg ImF-styret fram følgjande forslag til vedtak: «Generalforsamlinga gjev styret fullmakt til å slå ImF Trossamfunn saman med andre trussamfunn på evangelisk luthersk grunn dersom ein finn det tenleg. Ein føresetnad er at det framleis skal vere mogleg å kanalisere økonomiske midlar til det lokale arbeidet.»

– I og med at det er tre år mellom kvart GF, har ImF-styret valt å be om fullmakt som er breiare enn berre NLM. Det kan jo skje ei vidare utvikling som gjer det aktuelt òg å trekka inn andre på evangelisk luthersk grunn, utdjupar Furnes overfor Sambåndet.

For NLMs del vil ei mogleg fullmakt frå generalforsamlinga bli aktuelt først i 2021.

– Dersom hovudstyret ønsker å tilrå ei samanslåing av trussamfunna må dette bli ein GF-sak, seier Åsland til Utsyn.

LES MER:

Kristenledere uenige om «helvetes-prekenen»: Ingen kan bli overrasket

Pinsemenighet blir en del av den lutherske IMI-kirken

Avviser «snik-lutheranisering» av Pinsebevegelsen

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke