Nyheter

Høvdingens forbanning

Donald Trump eller Joe Biden? Han som vinn presidentvalet på tysdag bør hugse på Tecumsehs forbanning.

Sju amerikanske presidentar har ikkje overlevd vakta i Det kvite hus.

Fire blei skotne. Tre døydde av sjukdom.

Dei sju har ein ting felles: Dei blei alle valt i eit år som enda på null.

Alt starta i 1811, med eit nederlag. Seier soga.

LES Dystert kapittel i USAs historie: Hvordan hindre svarte stemmer

Tapte det store slaget

Europearane som kom seglande over havet til Nord-Amerika la under seg landet, dei kjempa ned urfolket som budde der. I 1811 møttest to leiarar i slaget ved Tippecanoe - som i dag ligg i delstaten Indiana.

Tecumseh hadde som høvding i shawneestammen organisert fleire store stammar for å stå mektigare saman mot hæren som bevega seg mot vest fra aust i Nord-Amerika, i det landskapet som me kjenner som USA i dag.

William Henry Harrison var offiser og guvernør i territoriet Indiana i åra 1800–1812, hans fremste oppgåve var å sikre territoriet for europeiske landnåmsmenn.

I slaget ved Tippecanoe var Tecumsehs krigarar underlegne Harrisons. Nederlaget var audmjukande, og fellesskapet av stammer blei oppløyst.

Vegen mot vest blei opna.

Heldt rekordlang tale, blei sjuk og døydde

Men Tecumseh evna å ta hemn. Med ei forbanning.

Han hadde ein bror, Tenskwatawa, kjent mellom shawneeane som Profeten, og han kasta ei forbanning over Harrison - Tecumsehs forbanning. Seier soga.

Korkje Tecumseh eller Tenskwatawa levde lenge nok til å oppleve at William Henry Harrison blei valt til USAs 9. president i 1840.

Harrison sjølv fekk knapt oppleve korleis det var å vere president. Han sat i vervet i knappe 31 dagar, før han døydde. Av lungebetennelse.

Den 9. presidenten heldt nemleg den lengste innsetjingstalen nokosinne då han 4. mars 1841 steig opp og talte til folket, tynnkledd i den sure vinden som herja Washington. Så han blei svært sjuk og døydde. Talen var på heile 8.445 ord.

Avskaffa slaveriet, blei myrda

Her må me stoppe opp, for den vidare historia viser at alle presidentar som blei valt, eller attvalt, i år som endar på 0 – null, ja, dei går det ille med.

I 1860 blei Abraham Lincoln valt til USAs 16. president. Han hadde så mange sterke fiendar at han overlevde ikkje den andre perioden i Det kvite hus. Lincoln, som leia landet gjennom borgarkrigen, bevarte unionen og avskaffa slaveriet, blei drepen i eit attentat vel ein månad etter at han hadde blitt attvalt. Attentatmannen var ein sørstatsmann.

Skoten i ryggen

I 1880 sende folket James Garfield til Det kvite hus som USAs 20. president. Men han fekk berre fylle vervet ei kort tid - faktisk er det berre Harrison som var president i ein kortare periode enn Garfield.

Etter knappe fire månadar som president, i juli 1881, blei Garfield skoten i ryggen på ein jernbanestasjon i Washington av ein attentatmann. Han låg dødeleg såra i Det kvite hus i fleire veker før han døydde av skadane og komplikasjonar.

Skoten av anarkist

William McKinley blei i 1900 attvalt til president i USA. Han er nummer 25 i rekkja. McKinley var den siste presidenten som hadde kjempa i borgarkrigen, og han leia USA til siger i den spansk-amerikanske krigen, som sikra USA kontrollen over Spanias koloniar i Karibia og Stillehavet.

I september 1901 vitja McKinley Verdsutstillinga i byen Buffalo. Her steig ein anarkist fram i folkemengda og skaut presidenten, som døydde av skadane få dagar seinare.

William McKinley blei i 1900 attvalt til president i USA. Han blei skoten i 1901. Foto: AP/NTB

Døydde av slag

I 1920 blei Warren G. Harding valt til USAs statsoverhovud. Men USAs 29. president blir ikkje sitjande perioden ut. I august 1923 døyr Harding av slag, berre 57 år gammal.

20 år seinare, i 1940, blei Franklin D. Roosevelt attvalt for andre gong. Her må det forklarast at lovendringa som seier maksimum to periodar som president, kom i 1953.

Roosevelt, USAs 32. president, gjekk grunna krigen også til val som presidentkandidat i 1944. Og vann. Men han var veikhelsa, noko som blei løynt for folket, og i april 1945, fekk Roosevelt hjerneslag og døydde.

Attvalt i 1940: President Franklin D. Roosevelt døydde av hjerneslag. Foto: AP/NTB

Skoten i open bil

Mønsteret trer tydeleg fram; å bli valt eller attvalt i eit år som endar på 0 - null, er dødeleg.

No er me framme ved vår tid. I 1960 fekk USA den første katolikken i Det kvite hus. Som 43-åring blei John F. Kennedy den yngste som hadde blitt valt til vervet - og den nest yngste presidenten gjennom tidene, etter Theodore Roosevelt, som blei president i 1901 då McKinley blei skoten.

Men akkurat som Harding fekk Kennedy berre utøve embetet som president vel to år. I november 1963 blei verda rysta av eit attentat: John F. Kennedy blei skoten under ein kjøretur i open bil gjennom byen Dallas.

Overlevde attentat

Ronald Reagen er skoten, lydde nyhendemeldinga 30. mars 1981.

Reagan hadde blitt USAs 40. president etter valsuksessen året før, og var nær ved å døy på post kort tid etter innsetjinga i 1981. Attentatmannen avfyrte seks skot mot Reagan i Washington. Ei kule reiv opp Reagans lunge og stoppa nær hjarta.

Men presidenten overlevde. Ronald Reagan døydde av Alzheimer, 93 år gammal.

Prøvde med handgranat

I 2000 blei Bush-æraen i USA ført vidare av George W. Bush jr. Veljarane ville ha han som landets 43. president. I mai 2005, fire månader etter at han var innsett etter å ha blitt attvalt, gjesta Bush Georgias hovudstad Tblisi.

Under ein tala blei ein handgranat kasta mot Bush, men landa eit godt stykke unna - og detonerte ikkje.

Har Tecumsehs forbanning blitt svekka?

Blir Donald Trump attvalt 3. november 2020, eller blir Joe Biden USAs 46. president?

Vinnaren bør grunne over lagnaden til dei som blei valt i 0-år.

LES MEIR

Rasismens lange linjer: Jesmyn Ward skildrer tapet av en hel generasjon unge i USA

Bli bedre kjent med de kristne demokratene i USA

Bli bedre kjent med de katolske velgerne

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter