Nyheter

Hærverk på Europas eldste jødiske gravplass

Gravsteinar tilgrisa med grøn måling. – Hendinga er eit slag i andletet, seier borgarmeisteren i Worms.

Heiliger Sand ligg i byen Worms i Tyskland og har den eldste jødiske gravlunden i Europa. Han blei truleg etablert samstundes med bygginga av byens første synagoge i 1034, og har i dag kring 2.000 graver. Kommunen opplyser at dei første gravene kom i 1038/39.

No har han vore stengt etter hærverk, melder Worms kommune på eiga heimeside. Mellom 50 og 100 gravsteinar er tilgrisa med grøn måling. Omfanget er uklårt fordi grønmålinga liknar den grøne patinaen som mange steinar har fått.

Borgarmeister Hans-Joachim Kosubek er opprørt:

– For byen er dette eit slag i andletet, seier han i ei kunngjering.

Heiliger Sand var sterkt medverkande då byane Worms, Speyer og Mainz kom UNESCOs verdsarvliste.

Redde for å øydeleggje

Kosubek opplyser at kommunen ikkje veit korleis dei skal få fjerna målinga, for dei er redde for å øydeleggje dei eldgamle gravsteinane når dei skal bruke moderne kjemikaliar. Det er særleg middelalderdelen av Heiliger Sand som er råka av hærverket.

Borgarmeisteren vil ikkje spekulere i om handlinga er anti-semittisk motivert.

Sterk jødisk posisjon

Byen Worms hadde i hundreår ei stor jødisk befolkning, og synagogen er frå 1034. Den kjende jødiske tenkjaren rabbi Meir av Rothenburg er mellom byens søner. Grunna den sterke posisjonen til byens jødiske forsamling, blei han omtala som «vesle Jerusalem». Den siste gravsteinen blei reist på gravplassen i 1930-åra.

Ikkje øydelagd under krigen

I åra Adolf Hitler og nazistane styrde Tyskland blei Heiliger Sand ikkje offer for hærverk og øydeleggingar, og på tampen av andre verdskrig fekk han berre mindre skader av den allierte bombinga, sjølv om krong 60 prosent av byen Worms blei øydelagt av bombing i februar og mars 1945. I åra etter 1945 blei den jødiske gravlunden restaurert.

Historia til det jødiske livet i Worms har gjort byen til eit pilegrimsmål for jødar verda over.

Luther blei kjettar

Worms har vore åstad for mange viktige hendingar i tysk, historie. I 1122 ble Wormskonkordatet signert her. Pactum Calixtinum, som det også blir kalla, var ein avtale mellom pave Callistus II og den tysk-romerske keisar Henrik V, og avslutta den første perioden med strid mellom kongemakt og pavemakt.

I 1521 møttest den tyske riksdagen Worms, og med det utsteda keisar Karl V det vidgjetne ediktet frå Worms, som erklærte Martin Luther som fredalaus og kjettar. Dekretet utlyste også riksbann over Luthers tilhengjarar.

LES MEIR

• Jødisk minnesmerke vandalisert

• Anti-jødisk hærverk i Norden kan være koordinert aksjon

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter