Nyheter

Heim til eit forandra Noreg

Korona-krisa har hjelpt Stine Kiil Saga til å sjå dei tinga som er bra i den vanlege kvardagen.

Stine Kiil Saga er kapellan i Haslum kyrkjelyd i Bærum. ­Etter seks vekers studiepermisjon i Sør-Afrika, kom ho tilbake til eit nedstengd Noreg.

– Det var spesielt. Eg arbeider i ei gammal, lita kyrkje, som er veldig populær for dåp og vigslar. Det er uvant å ikkje kunne gjennomføre alle dei. Men ein del dåpar blir det no også, sjølv om det blir veldig annleis. Eg hadde til dømes ein på palmesøndag.

– Har du mindre å gjere no enn før?

– Ja, enn så lenge. Men no, når det er klart at denne situasjonen vil vare ei stund til, så må vi tenke meir over korleis vi kan gjere ting på ein ny måte. Om det skal vere to meter mellom kvar person i den vesle kyrkja vår, så vil det ikkje vere plass til mange. Kanskje vi kan ha gudstenester ute? Og så tenker eg ein del på konfirmantane. Det er krevjande å ikkje kunne møte dei, for den relasjonen er noko av det viktigaste vi arbeider med. Men ­kanskje vi kan treffast i små grupper etter kvart. Då vil vi også måtte arbeide meir for å få det til.

– Kva er den største utfordringa no, for deg?

– At vi ikkje kan møte kvarandre­. Når eg sit på heimekontor, merkar eg kor mykje som skjer til vanleg i dei fysiske møta med kollegaer og frivillige. Vi snakkar om mykje, får idear av kvarandre. Det er ikkje så lett å vere på kvar si tue, og mange har barn heime. Videomøter har ikkje den same dynamikken. Og så er eg bekymra for dei som sit mykje heime og som ikkje nødvendigvis tek kontakt med oss om dei treng det. Det er mykje bra som blir arrangert på Facebook om dagen, men det er ikkje alle som har tilgang til det.

– Har du lært noko nytt av ­denne situasjonen?

– Ja. Digitalt har vi utvikla oss mykje, og det må vi halde fram med. Vi blir meir bevisste på kva som er bra, kva vi saknar frå den vanlege kvardagen. Om ein skal tenke optimistisk på det, så kan vi kanskje få nokre nye tankar om korleis vi kan vere kyrkje. Personleg har eg fått betre tid til å jobba med forkynning og tekst.

Les meir om korleis prestar handterer koronakrisa:

Dorothee Ziller trur denne tida kan opne auga våre for kor verdifullt fellesskapet er

• For Sunniva Gylver har det blitt endå tydelegare at kriser rammar hardast dei som er hardt ramma frå før

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter